Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kystkafeen - tverrfagleg oppgåve Vg1

Denne tverrfaglege oppgåva tar føre seg sentrale kompetansemål i alle tre programfaga. Tidsplan og organisering tilsvarer tverrfagleg eksamen og kan variere noko frå fylke til fylke. Oppgåva er også aktuell for Vg2, men med enkelte tilpassingar.
Bildet viser en sjark og et naust
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kystkafeen

Solvik kommune er ein liten kommune på sørlandskysten med om lag 7000 innbyggjarar. Kommunen ligg like ved kysten og har ein flott skjergard. Innbyggjartalet i kommunen blir dobla dei travle sommarvekene kvart år.


Kommunen har eit næringsliv som består av små og mellomstore industribedrifter. Skjergarden har flotte hytter. Skjeret fyr ligg ytst i havgapet.

Kommunen overtok i 2006 bygningane og øya som fyret ligg på. Sjølve fyret er overteke av Kystverket. Huset er sett i stand dei siste åra, og bygningane har gode fasilitetar som storkjøkken, dusj- og toalettanlegg i tillegg til høve for overnatting.

Det går rutebåt ut til fyret. Området blir nytta av mange som også bruker eigen båt for å komme ut til øya.

Dei seks siste åra har det vore restaurantdrift på øya. Restauranten har vore driven av eit kommunalt selskap som no ønskjer å trekkje seg ut. Under finn de ei økonomisk oversikt for dei tre siste åra.

Kommunen ønskjer å få meir aktivitet i området og har derfor søkt etter personar som kan tenkje seg å drive kafeen og setje i gang ulike aktivitetar. Dei tenkjer spesielt på å etablere ein kystkafé og ha omvising på fyret. Kommunen tenkjer seg at kystkafeen har ope kvar dag i sommarmånadene, og i helgene så mykje som mogleg både om våren og hausten.

Kommunen har sett inn ein annonse i lokalavisa der dei søkjer etter nokon som ønskjer å setje i gang med ulike aktivitetar på øya som fyret ligg på. Leiga for heile området er sett til 5000 kr per månad medrekna straum. Kjøkenet er møblert med oppvaskmaskin og kjøleskap. Det finst i tillegg dekketøy for 50 personar.

De er tre venner som synest det er interessant, og de får tilbod om jobben. For å få ein god start må de utføre følgjande oppdrag:
  • utarbeide ein forretningsidé for kafeen
  • velje selskapsform for kafeen og grunngi valet
  • vurdere og gjere greie for tryggingsrutinar ved frakting av gjester med båt
  • utarbeide ein enkel marknadsplan med tilhøyrande handlingsplan for driftsperioden
  • rekne ut kapitalbehovet og komme med eit fornuftig forslag til driftsbudsjett, kalkyle (på eitt produkt) og finansiering
  • gjere greie for korleis de vil gå fram for å rekruttere og tilsetje dei rette personane til å drive kystkafeen

Aktuell teori finn de blant anna i lenkesamlinga under:

Hugs at de kan finne teoristoff om dette på Vg2 også.

I tillegg kan følgjande kompetansemål vere aktuelle:

  • Utarbeide en forretningsplan
  • Utarbeide et enkelt serviceoppdrag
  • Gjøre rede for gjeldende regelverk som regulerer personvern, helse, miljø og sikkerhet (HMS) på arbeidsplassen

Vedlegg 1:

Resultatrekneskap

2012

2011

2010

Sum driftsinntekter

5 024 000

4 287 000

4 164 000

Driftsresultat

324 000

65 000

194 000

Resultat før skatt

205 000

-35 000

78 000

Årsresultat

209 000

-32 000

70 000

Balanserekneskap

2012

2011

2010

Sum anleggsmiddel

2 030 000

2 050 000

1 916 000

Sum omløpsmiddel

907 000

692 000

624 000

Sum eigenkapital

326 000

116 000

148 000

Sum gjeld

2 611 000

2 625 000

2 391 000

CC BY-SASkrive av Hanne-Lisbet Løite.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2018

Læringsressursar

Bruk av digitale verktøy