Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Planlegging av forsøk

Når ein planlegg forsøk, må ein setje opp ein hypotese, få oversikt over alle relevante variablar og deretter bestemme seg for korleis forsøket skal gjennomførast.

Pepsin løyser opp eggekvite.
Kjelde: Mintra


En stor og en liten plante av samme artHormonbehandla plante.
Opphavsmann: William M. Gray

 

 

Drivhus som kan brukes til palnteforsøk inneMinidrivhus.
Opphavsmann: Rebecca Partington

 


Flasker og reagensrør i stativ.Utstyr til forsøk.
Opphavsmann: Bjørg E. B. Aurebekk

 



"En ting er å legge planer. Noe ganske annet er å hvite hvor man har lagt dem."

Ole Henrik Magga

 


Hypotese

Ein hypotese er ei mogleg forklaring av ein observasjon som kan testast ut med eksperiment. Resultat frå eksperimenta vil avgjere om hypotesen blir forkasta eller akseptert. Hypotesen skal formulerast på ein bestemt måte, og han kan endrast etter kvart som ein får meir informasjon.

  • Hypotesen baserer seg på tidlegare kunnskap og observasjonar som er gjorde.
  • Hypotesen skal vere ei forklaring av observasjonar.
  • Hypotesen refererer berre til ein uavhengig variabel (storleiken som skal styrast under eksperimentet).
  • Hypotesen skal skrivast som ein påstand, ikkje som eit spørsmål.
  • Hypotesen skal seie noko om kva som kjem til å skje.
  • Hypotesen skal kunne testast med eksperiment.

Eksempel på hypotesar:

Temperaturen påverkar lengdeveksten til plante X.
Fuglen Y føretrekkjer å hekke i blandingsskog.

Eksempel på føreseiing:

Plante X vil bli lenger ved 20 ºC enn ved 15 ºC.

Variable storleikar (parametrar)

Når du skal gjere eit eksperiment, er det viktig å ha oversikt og kontroll over dei variable storleikane (òg kalla faktorane) som kan påverke resultatet.
Dei blir oftast delte inn slik:

Uavhengig variabel

Uavhengig variabel er storleiken som blir styrt eller regulert under eksperimentet ("årsaka"). Vi markerer han på x-aksen i ei grafisk framstilling.

Avhengig variabel

Avhengig variabel er storleiken som vi måler eller registrerer i eksperimentet ("verknaden").
Vi markerer han på y-aksen i ei grafisk framstilling.

Kontrollerte variablar

Kontrollerte variablar er andre storleikar som det er mogleg å variere, men som vi ønskjer å halde konstante under testinga av den uavhengige variabelen som er vald. Dei bør listast opp under føresetnadene for eksperimentet.

Eksempel frå eit forsøk

I tabellen nedanfor ser vi kva for variable storleikar vi bruker. Formålet med forsøket er å undersøkje kva verknad temperaturen har på lengdeveksten til plante X.

Variable storleikar
Uavhengig variabel Avhengig variabel Kontrollerte variablar
temperaturen lengdeveksten lyset, lufta, innhald av vatn i jorda


Materiale og metode

Først når du har identifisert dei variable storleikane kan du gå vidare i planlegginga:

  • Korleis kan dei kontrollerte variablane haldast mest mogleg konstante under forsøket?
  • Kva for verdiar skal den uavhengige variabelen ha, og korleis skal det gjerast?
  • Korleis skal den avhengige variabelen målast eller registrerast?
  • Kva slags utstyr trengst? (Det kan ofte vere lurt å gjere nokre førebuande testar av det utstyret ein har tenkt å bruke.)
  • Kor mange prøvar skal takast?
  • Kor mange parallelle målingar eller registreringar skal takast?
  • Testar forsøksoppsettet verkeleg hypotesen?

Metoden skal vere ei punktliste som detaljert seier noko om korleis eksperimentet er tenkt utført. Det kan vere at denne må endrast undervegs i forsøket.

Tilrå
26

Andre ressursar

Frå deling.ndla.no

  • Den vitenskapelige arbeidsmetoden [+]
    • Dekkjer delvis "planlegge og gjennomføre ulike typer undersøkelser i samarbeid med andre der en identifiserer variabler, anslår måleusikkerhet og vurderer mulige feilkilder

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve