Hopp til innhald

Fagstoff

Trygging av personopplysningar

Her skal vi seie litt om kva tilsynsorgana kan bidra med når det gjeld trygging av personopplysningar. Du skal også lære litt om kva konsekvensar dårleg trygging kan føre til.
Tyv med kredittkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange menneske opplever krava til lagring av personopplysningar som tungvinte, og viser lita forståing for kvifor krava til lagring er utforma som dei er. Dei vel somme gonger å gjere som strutsen; dei stikk hovudet i sanden og håper ingen ser kva dei held på med, og at dei ikkje blir oppdaga. Naivitet er truleg ein del av årsaka til at somme vel denne løysinga.

Tilsynsorgan skal følgje opp at personopplysningar blir lagra i tråd med dei krava og retningslinjene som det offentlege har laga. Tilsynsorgana er ikkje ute etter å «ta» nokon i å gjere feil, men heller å hjelpe med råd og rettleiing.

Dersom tilsynsorgana oppdagar at nokre ikkje følgjer krava til lagring av personopplysningar, kan det få konsekvensar for verksemda det gjeld. Bedrifter kan også oppleve at konkurrentar som har tilgang til personalopplysningar om tilsette i bedrifta, kan bruke det som verktøy mot verksemda. Det kan til dømes vere at dei vil prøve å få tilsette til å byte arbeidsgivar, eller det kan vere at dei vil bruke informasjon om tilsette til å presse dei for informasjon eller gi dei tilgang til informasjon: industrispionasje.

Det som er minst like urovekkjande, er dei konsekvensane dette kan få for dei enkeltmenneska som opplysningane gjeld for.

Vi tenkjer då til dømes på:

  • Id-tjuveri. Identitetstjuveri kan føre til store problem over mange år. Tenk til dømes om nokon låner pengar i ein bank – eller kjøper varer – i namnet ditt. Kva skjer når pengane ikkje blir betalte? Du kan bli registrert som ein person med dårleg betalingsevne i offentlege register, slik at når du seinare skal låne pengar av ein finansinstitusjon, så får du ikkje lån, og du kan få stadige inkassokrav i posten og så vidare.

  • Innsyn i sjukdomsbilete. Det er ikkje alt vi ønskjer at venner eller arbeidsgivarar skal vite om sjukdomsbiletet vårt. Kan slik informasjon brukast til utpressing av personar i viktige posisjonar i samfunnet?

  • Avsløring av «kriminell forhistorie». Det kan vere saker tilbake i tid som vi ikkje ønskjer at den noverande arbeidsgivaren vår skal få kjennskap til.
CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

Personopplysningar