Hopp til innhald

Fagstoff

Trykt destinasjonsinformasjon

På mange destinasjonar går aktørane i det lokale reiselivet saman om å lage informasjon om tilboda på reisemålet.
Skilt med kart og informasjon og teksten "Velkommen til bygda vår". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon på reisemålet

Dei fleste destinasjonar har eit ganske omfattande lokalt utval av brosjyrar, nyheitsblad, guidar og andre former for produktbasert informasjon.

Mange enkeltleverandørar lagar eigne trykksaker som først og fremst er retta mot dei gjestene som allereie har komme til destinasjonen.

Produktpakking

I nokre tilfelle set fleire leverandørar saman produkta sine til ei reiselivsoppleving. Slik produktpakking kan vere eit godt utgangspunkt for å lage eigne trykksaker.

Ofte går alle reiselivsbedriftene på ein destinasjon saman om å lage informasjonsmateriell. Slik får dei presentert det lokale heilskaplege reiselivslivsproduktet for gjestene.

Fordelen med ein samordna destinasjonsinformasjon er at ein lettare når størstedelen av gjestene som er på destinasjonen. Når alle aktørane set fram informasjonsmateriell og aktivt tek del i formidlinga av produkta til kvarandre, blir distribusjonen både treffsikker og økonomisk.

Tenk over
Ei ulempe med trykt materiell er at det i mindre grad enn tidlegare når potensielle gjester som i stadig større grad baserer hovuddelen av reiseplanlegginga si på digitale medium.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Informasjonskjelder