Hopp til innhald

Fagstoff

Reiseguidar og reisehandbøker

Skal du jobbe i reiselivsbransjen må du ha god oversikt over tilbodet av guidebøker og annan trykt informasjon, slik at du kan formidle vidare god og relevant informasjon til gjester og kundar.
Utstilling av forskjellige reisehåndbøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reiseguidar

Det finst mange typar guidebøker å velje mellom. Mange vel reiselitteratur i enkle, trykte format. Lonely Planet og The Rough Guide er to døme på ei rekkje slike tilbod. Felles for dei fleste guidebøker er utstrekt bruk av bilete, kart og lettfatteleg praktisk informasjon.

Det finst ein rekkje gratis reiseguidar på nett som gir mykje informasjon om både land og byar. Her finn du skildringar av attraksjonar, restaurantar, hotell og liknande.

Her kan du sjå eit utval av Lonely Planets reisehandbøker.

Dei fleste guidane og handbøkene tek for seg hovudområda i det heilskaplege reiselivsproduktet. Kvar du kan bu, kvar du kan ete, korleis du kan reise til eller innanfor destinasjonen, kva du kan oppleve, og ulike praktiske råd og åtvaringar går igjen.

Temabøker

Nokre guidar og handbøker er meir temaorienterte – dei kan til dømes beskrive fotturar, sykkelturar eller byvandringar på enkeltdestinasjonar.

For tilsette i reiselivet er det viktig å kjenne til korleis deira eige produkt er presentert i slike medium. Det kan også vere nyttig å ha lokale reiseguidar og reisehandbøker for sal eller utlån.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Reiseliv