Mosel
Når regionen har tre namn, Mosel-Saar-Ruwer, kjem det av at han har namn etter tre ulike elver. Mosel er den største og den som har hatt mest å seie. Saar og Ruwer er sideelver som renn inn i Mosel.
Vidare er det den midtarste delen av Mosel, rundt Bernkastel-Kues, som blir rekna som den beste. Han blir gjerne samanlikna med Rheingau.
Vin frå vinmarka Doctor, som stig bratt opp frå Bernkastel, blir spesielt høgt verdsett, men det finst kjende vinmarker og ypparlege vinar langs heile elva.
Kjende vinbyar
- Zell (Zeller Schwarze Katz)
- Reil (Reiler vom heissen Stein)
- Zeltingen (Zeltinger Sonnenuhr)
- Piesport (Piesporter Michelsberg)
- Trittenheim (Trittenheimer Apotheke)
- Klüsserath (Klüsserather St. Michael)
Alkoholsvak og frisk
Moselvinane er gjerne alkoholsvake (9–10 prosent), men friske og elegante med god bouquet. Dette gjeld særleg dei som er laga på Riesling-drua, men det blir laga gode vinar av Müller-Thurgau, Elbling og Kerner òg. I Moseldalen blir det gjerne brukt grøne flasker. Mesteparten av vinen er halvtørr, men det finst også mange søtlege (lieblich) og søte. Etter kvart blir det dessutan produsert ein del brukande tørre vinar.