Hopp til innhald

Fagstoff

Penedès, Costers del Segre og Middelhavskysten

Her får du ein kort presentasjon av vinområda Penedès, Costers del Segre og områda ved Middelhavskysten sør for Penedès.
Foto av landskap med grøne vinmarker og fjell i bakgrunnen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Penedès

Vinområdet Penedès ligg ved Middelhavet i den nordlege regionen Catalonia, rett sør for byen Barcelona. Etter Rioja er dette Spanias mest kjende svakvindistrikt. Her blir det laga både raud-, kvit- og rosévin og musserande vin. Vilafranca er den mest kjende byen i området, og det er særleg to namn som har gjort han kjend: Torres og Raventos. Begge har fleire gonger revolusjonert vinverda.

Cava

Cava er nemninga på spansk vin laga etter champagnemetoden, og 90 prosent av cavaproduksjonen kjem herfrå. Kjende merke er Freixenet, Codorniu og Delapierre. Dei overraska marknaden med kvaliteten sin i forhold til prisen for nokre tiår sidan.

Til raudvin blir det brukt mykje dei same druene som i Rioja, men også ein god del Cabernet Sauvignon og noko Pinot Noir. Vinane er gjerne rundare og fruktigare enn Rioja og ikkje fullt så eikeprega.

Kvitvinane har ikkje vorte like kjende som dei raude, men dei er friske, tørre og har bra kvalitet. I tillegg til dei spanske druene Xarel-lo og Macabeo blir mellom anna Chardonnay og Riesling brukte.

Torres

Torres er eit stort vinnamn. Firmaet har også eigedommar i andre land og verdsdelar. Dei vart verdskjende då dei i 1979 vann vinolympiaden i Paris med sin Gran Coronas Black Label, framfor heile den franske eliten. Han konkurrerte altså mot vinar som kosta opptil fem gonger så mykje. Frankrike har ikkje vilja delta i nokon vinolympiade etter dette.

Costers del Segre

Dette området som ligg nordvest for Penedès, var tidlegare saltsletter som ikkje eigna seg til dyrking. Raventos såg moglegheiter her, men det skulle ta femti år med planting av spesielle grassortar, pløying, planting av buskar, pløying, planting av tre, pløying og så til sist: planting av druestokkar. Resultat? Raimat og Bach – raude, kvite og musserande vinar av høg kvalitet og til absolutt akseptable prisar.

Middelhavskysten

Sør for Penedès finst det ei rekkje vinområde som ikkje er så kjende her heime, til dømes Valencia, Alicante og Tarragona.

I Alicante og Valencia blir det laga vin på ein spesiell måte kalla doble pasta. Det blir først laga ein rosévin, som blir tappa frå. Deretter blir det laga ein kraftig raudvin på skalet og steinane som er igjen, med lang maserasjonstid. Denne blir så blanda med den lette vinen eller annan vin. Ein periode vart Alicante-vin brukt for å gi fylde til «norsk raudvin».

I Tarragona blir det laga mykje kvitvin, men også god rosévin. Elles er området kjent for altarvinen sin, som blir eksportert til mange land.

Spansk vin til mat

  • Rioja: storfe, lam

  • Penedès: storfe, lam, hjort, småvilt

  • Valdepeñas: storfe, fjørfe, ost, grillmat

  • Costers del Segre: storfe, lam, vilt, gryterettar

  • Ribera del Duero: viltgryterettar, grillmat, fyldige rettar med mykje smak

  • Kvitvin: Dei fleste kvitvinane frå dei ovannemnde områda er tørre og friske, så dei går stort sett til fisk, fjørfe, kaldtbord og skaldyr. Enkelte vinar frå Rioja kan kanskje vere noko fyldige for skaldyr.

Druer

Raude druer: Tempranillo (også kalla Cencibel, Tinto Fino, Ull de Llebre), Garnacha (Grenache i Rhône), Graciano

Kvite druer: Airén, Xarel-lo, Macabeo

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Spania