Hopp til innhald

Fagstoff

Opplevingar

I det heilskaplege reiselivsproduktet er opplevingar ein viktig del. Opplevingar kan vere omvising på museum og attraksjonar, og opplevingsaktivitetar som padling, brevandring, matsafari og havfiske.
Hvalsafari utenfor Andenes. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplevingstilbod

Dei som tilbyr opplevingar, har mange av dei same utfordringane og samarbeidsformene som serveringsstadene. Vi har i dag ei utvikling mot opplevingar som er knytte til lokal natur og kultur. Ofte er desse unike og baserte på lokal historie og tradisjon, og dei står fram som berekraftige.

For mange typar reisande, til dømes kurs- og konferansegjester, er det likevel slik at ein ha mat og seng, medan ein gjer ei strengare avveging mellom kostnad, tid og nytte når det gjeld opplevingstilbod.

Kurs og konferanser kan legges til hoteller der det er mulig å kombinere oppholdet med for eksempel en tur i slalåmbakken som ve
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formidling av tilbod

Lokale leverandørar av opplevingar må komme i posisjon til å få tilby tenestene sine – aller helst i den augneblinken då gjesten planlegg opphaldet sitt. Dette kan skje gjennom tett kontakt med hotell, reisebyrå eller turoperatørar.

Samtidig er det ofte nødvendig å få ei så direkte formidling som mogleg av innhaldet i opplevinga. Dette kan skje ved at kunden har fått prøvd eller demonstrert opplevinga, gjennom solide referansar frå tidlegare brukarar, eller ved positiv merksemd i media.

Destinasjon Røros

Røros, som står på verdsarvlista til Unesco og er ein attraksjon i seg sjølv, har bygt opp eit omfattande tilbod av opplevingar. For å få til dette må mange ulike aktørar samarbeide – hotell, restaurantar, museumstilsette, guidar og turarrangørar, næringslivet, kommunen og så vidare.

www.roros.no

Eit eige opplæringsprogram for tilsette i reiselivet og andre serviceyrke sørgjer for at deltakarane blir lærte opp i kunsten å vere vertskap, samtidig som dei får kunnskap om kvarandre og om verdsarvhistoria.

Destinasjonen satsar også på lokale mattradisjonar og tilbod om lokalmatsafariar. Det krev at produsentar, restaurantar og utsalsstader samarbeider, og det krev at ein utdannar matguidar.

Røros er tildelt kvalitetsmerket «Berekraftig reisemål» for det systematiske arbeidet for å styrkje gjesteopplevingane og redusere den negative påverknaden reiselivet kan ha.

Tenk over

Kva er spesielt med staden der du bur? Kva har staden eller området å by på av natur, kultur og tradisjonar? Korleis kan fleire samarbeide for å skape gode opplevingstilbod – og korleis skal de formidle tilboda?

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet