Hopp til innhald

Fagstoff

Overnatting

Overnattingsstaden, anten det er eit hotell eller ein campingplass, er sentralt for korleis gjestene vidare planlegg opphaldet på destinasjonen.
Oversiktsbilde som viser en campingplass med telt, bobiler, utleiehytter og båthavn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overnattingstilbod

I mange tilfelle er det overnattingstilbodet som blir utgangspunkt for den vidare planlegginga og pakkinga av ei total reiseoppleving. Særleg gjeld dette større grupper innanfor kurs- og konferansemarknaden.

Fra resepsjonen i Hurtigruteskipet Nordlys. Blant passasjerene kan det være folk som reiser individuelt, små og store grupper, k
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon til gjester og kundar

Mange hotellresepsjonar er blitt det viktigaste kontaktpunktet for informasjon om lokale opplevingar og attraksjonar. For at resepsjonisten skal fungere som eit slikt «turistkontor light» må han eller ho ha både informasjon om og eit personleg nettverk på sin eigen destinasjon.

I somme tilfelle kan behova som gjesten eller kunden har for informasjon og råd, utfordre lojaliteten til tenestene som hotellet yter. Det mest typiske er når gjesten ønskjer å ha varierte lokale matopplevingar. Å tilrå andre serveringsstader enn hotellet sine eigne tilbod, kan bety tapte inntekter, men samtidig kan det styrkje opplevinga som gjesten får av eit breitt tilbod på destinasjonen.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 29.11.2018

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet