Hopp til innhald

Fagstoff

Transport

Det kan vere stor forskjell på dei ulike transportformene som blir tilbydde rundt om i Noreg. Somme stader er det landbasert transport som gjeld, andre stader er det båt og ferjer. Uansett krev det at ein samarbeider godt og tett for å samordne transporten.
Bilfergen mellom Gudvangen og Kaupanger en fin sommerdag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transportformer

Når det gjeld transport her i landet, kan folk reise via veg, bane, luft og sjø. Somme stader er enkelte transportformer sterkare representerte enn andre stader, til dømes dei lokale busselskapa og taxinæringa. I kyststrøk er det vanleg å reise med lokale charterbåtar og ferjer, medan det er like typisk at flyselskap og jernbane har sine sals- og trafikkontor i dei største byane.

Når turistene går i land på kaia, for eksempel fra hurtigruta, må bussen som skal frakte dem videre til hotell eller attraksjone
Opne bilete i eit nytt vindauge

Uansett om dei som leverer transporttilboda, tek avgjerdene sine lokalt eller ein heilt annan stad, er det heilt nødvendig å ha eit tett samarbeid med dei som utgjer det heilskaplege reiselivsproduktet.

Koordinering av transport

Den som skal koordinere lokal transport av ei større gruppe, må vite at det er lokal transportkapasitet. Det oppnår ein lettast ved å involvere transportøren så tidleg som mogleg i planleggingsprosessen.

På eit meir strategisk og langsiktig nivå er det viktig at representantar for heile destinasjonen deltek i utforminga av det totale transporttilbodet inn og ut frå destinasjonen.

Det er til dømes stor forskjell på om første ruteflyet frå Oslo landar klokka 09, 10 eller 11. Å kunne kome fram tidleg kan bety at ein konferansekunde kan få ein heil arbeidsdag framfor eit arrangement som tek til med lunsj.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet