Hopp til innhald

Fagstoff

Aktuelle lover

Her refererer vi viktige reglar i lover som gjeld for digital marknadsføring. Fleire reglar har stor praktisk betydning for digital marknadsføring i reiselivsnæringa.
Rød bok med Norges lover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betre føre var ...

Fleire lover har reglar for kva vi kan tillate oss i marknadsføringa, og for kva som er ulovleg marknadsføring. Det er ikkje meininga at ein marknadsførar i reiselivsnæringa skal bli ein juridisk ekspert, men det er viktig å setje seg inn i lover som har stor praktisk betydning i det daglege arbeidet vårt. Det gir oss høve til å unngå ulovlege og uetiske aktivitetar.

Marknadsføringslova

Lova gjeld kontroll med marknadsføring, handelspraksis og avtalevilkår i forbrukarforhold og stiller krav til god forretningsskikk mellom næringsdrivande.

Vi gjer spesielt merksam på følgjande reglar:

  • retten til å reservere seg mot marknadsføring ved telefon eller adressert post (§ 12 og 13)
  • forbodet mot å rette marknadsføring ved telefon til forbrukarar på visse dagar og tidspunkt (§ 14)
  • avgrensingane i bruken av elektronisk post, telefaks eller automatisert oppringingssystem (talemaskin), utan samtykke frå mottakaren på førehand (§ 15)
  • plikta til å opplyse om kven som har gitt personopplysningane som ligg til grunn for førespurnaden for næringsdrivande som driv uoppmoda marknadsføring ved telefon eller adressert post (§ 16)

Marknadsføringslova § 12 – § 16

Forbrukarkjøpslova

Med forbrukar er meint ein fysisk person som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd.

Forbrukarkjøpslova gjer greie for rettane og pliktene til forbrukaren ved sal av ting til ein forbrukar når seljaren eller representanten for seljaren opptrer i næringsverksemd.

Forbrukarkjøpslova

I kapittel 5 i lova blir det gjort greie for krava forbrukarane har som følgje av forseinka levering. Kapittel 6 skildrar rettane forbrukarane har som følgje av manglar ved salsgjenstanden.

Ehandelslova

«Lov om visse sider av elektronisk handel og andre informasjonssamfunnstjenester (ehandelsloven)» gjeld for sal av kvar ei vare og teneste som blir ytt mot vederlag, og som blir formidla elektronisk.

Ehandelslova

§ 9 i lova inneheld fleire reglar om opplysningsplikt. Det gjeld blant anna ved ubeden marknadsføring via e-post, om totalkostnadene som forbrukaren skal betale, identifisering av reklametilbod som til dømes rabattar, konkurransar, premiar og gåver.

NB: Taletelefoni og telefaks- og telekstenester kjem ikkje inn under ehandelslova.

Angrerettlova

Hovudregelen er at det er 14 dagars angrefrist frå den dagen kunden har motteke vara.

Angrerettlova

Angrerettlova gjeld ved sal av varer og tenester til forbrukarar, når seljaren eller tenesteytaren opptrer i næringsverksemd og avtalen blir gjord ved sal utanfor fast utsalsstad. Seljaren er forplikta til å opplyse om angreretten. Kunden skal få angrerettskjema saman med vara. I motsett fall blir klagefristen automatisk forlengd til tre månader.

Personopplysningslova

Personvern står sterkt i Noreg. Personvern handlar om retten til sjølv å kontrollere når, korleis og kor mykje informasjon om eigen person som blir spreidd til andre.

Personopplysningslova

Personopplysningslova skal verne den enkelte mot at personvernet blir krenkt gjennom behandling av personopplysningar. Personopplysningar skal behandlast i samsvar med grunnleggjande personvernomsyn og omsynet til vern av privatlivets fred.

Pakkereiselova

Innanfor reiselivet er pakkereiselova sentral. Lova gjeld tilbod om pakkereiser og gjeld for avtalar om kjøp av pakkereiser som blir gjord mellom ein kunde og ein arrangør eller ein formidlar av ei pakkereise.

Pakkereiselova

Kapittel 3 i lova har krav om tydeleg og forståeleg informasjon om pris, reisemål, transport, innkvartering, måltid, reiseplan, innreisereglar, betalingsvilkår og vilkår om minste tal på kundar. Kapittel 4 har reglar om avbestilling.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett