Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor vart naturen sentral for nasjonsbygginga?

Då Noreg skulle etablere seg som eigen nasjon, fekk naturen ein sentral posisjon. For kva er det vi har som er særeige norsk? Ikkje prangande slott og mektige katedralar, men ville fossar, djupe fjordar og høge fjell.
Fra Stalheim. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gamle Norig

0:00
-0:00

Les teksten til diktet "Gamle Norig" av Ivar Aasen.

Tilbake til naturen

Det er fleire grunnar til at naturen får så mykje å seie for utviklinga av norsk nasjonal identitet. For det første var mange inspirerte av den franske opplysningsfilosofen Jean-Jacques Rousseau (1712–1778). "Tilbake til naturen" var mottoet hans. Det er naturen, ikkje sivilisasjonen, som er best for menneskja. Også innanfor førromantikk og romantikk hadde ekte og urørt natur ein sentral plass. Romantikarane fann Gud i naturen, og naturen fekk på den måten ein eigenverdi. Dei var også opptekne av at mennesket vert forma av den naturen dei lever i.

Ikkje slott, men storslått

Tanken om at naturen har ein særeigen verdi, vart viktig for dei norske nasjonsbyggjarane. Ei forklaring på dette er at i Noreg hadde vi ikkje stort anna enn naturen å vere stolte av. Vi har ingen mektige katedralar eller vakre slott, men vi har en storslått natur.

Vinternatt i Rondane av Harald Sohlberg. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Så mens andre nasjonar har tradisjonar knytte til dikting om hovudstaden eller andre sentrale byar, har mykje av kulturarven vår vore knytt til dikting om fjell og hav: strofer som "Mellom bakkar og berg ut med havet" eller "Furet, værbitt over vannet" er sungne i generasjonar – og framhevar at naturen er særeigen for nasjonen vår.

Nordmannen

0:00
-0:00
Diktet "Nordmannen" av Ivar Aasen

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»

Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

Lausriving frå Danmark

Eit anna viktig aspekt var at Noreg skulle framstå som ein sjølvstendig nasjon, ikkje som ein del av det gamle kongeriket Danmark-Noreg. Naturen vår, og då særleg dei mektige fjellandskapa på Vestlandet og i Nord-Noreg, er fundamentalt forskjellig frå det pannekakeflate danske landskapet. Slik er naturen med på å streke under det særeigne norske.

Naturen – eit norsk varemerke

Merksemda på norsk natur som noko særeige starta altså allereie på 1800-talet. I marknadsføringa av Noreg som turistnasjon er det framleis ofte den særeigne norske naturen som vert framheva. Fjell, fjordar og fossar pryder framsida på turistbrosjyrane og har vorte eit norsk varemerke.

Norsk natur vert også brukt i marknadsføring av norske produkt. Kyrne til Freia beitar på saftige norske setervollar, og trana vi drikk, er laga av torsk som har sumt i norsk ishavsvatn.

Breng seter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850