Hopp til innhald

Fagstoff

Halde Apple Mac-maskina oppdatert

På same måten som Windows må også Apples Mac OS oppdaterast regelmessig for å sikre tryggleiken.
Bilde av Apple-logo
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdateringar

Som det gjeld for Windows har ikkje nødvendigvis alle oppdateringar med tryggleiken å gjere, men maskina bør uansett haldast oppdatert for å unngå feil og problem.

Frå versjon 10.5 søkjer Mac OS automatisk etter nye oppdateringar når maskina er kopla til Internett, men som standard blir du først spurd om du vil installere oppdateringa.

Oppdateringer av programvare for Mac IOS
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du er usikker på kva oppdateringa gjeld, kan du klikke på Show Details. Då viser ei oversikt over program som vil bli oppdaterte, og ei forklaring på kva oppdateringa gjer.

Ny programvare tilgjengelig for Mac IOS
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du vel å utsetje installasjonen av ei oppdatering, kan du installere henne seinare ved å velje Software Update (Programvareoppdatering) frå Apple-menyen.

Konfigurere Apple Software Update
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konfigurere Apple Software Update

Du opnar Apple Software Update ved å klikke på Software Update-ikonet i System Preferences.

Programvareoppdatering i Mac IOS.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan velje om maskina skal sjå etter nye oppdateringar dagleg, kvar veke eller kvar månad, og om oppdateringane automatisk skal lastast ned. Dersom maskina er kopla til Internett og blir brukt regelmessig, bør du minimum velje kvar veke og helst dagleg.

Legg merke til at sjølv om oppdateringar blir lasta ned automatisk, må du framleis stadfeste at du vil installere dei.

App Store-program

Software Update oppdaterer alle program som høyrer til Mac OS, men det sjekkar ikkje oppdateringar for program som er kjøpte frå Mac App Store. For å oppdatere desse programma må du opne App Store og klikke på «Updates» i menyen øvst i vindauget. Då viser ei oversikt over kva program som har oppdateringar, og du kan velje kva program du vil installere.

Sjølv om Mac OS automatisk lastar ned nye oppdateringar, blir dei ikkje installerte før du godkjenner det.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik