Behovet for å slette data permanent oppstår gjerne når ei maskin skal kasserast, givast bort, seljast eller må sendast til service.
Å slette data er vanskelegare enn du trur
Innhaldet i filer som er sletta på vanleg måte, kan ganske enkelt hentast fram att. Du er heilt sikkert kjend med at når du slettar ei fil på vanleg måte, blir ho først lagd i papirkorga slik at det er råd å angre.
Men sjølv om du tømer papirkorga, blir ikkje fila fysisk sletta. Det einaste som skjer, er at den plassen fila tek på lagringsmediet, blir markert som ledig, slik at fila ikkje lenger visest i utforskaren eller papirkorga. Sjølve innhaldet i fila blir liggjande urørt heilt til nye data blir skrivne på det området der den gamle fila ligg.
Formatering av ein harddisk er ikkje mykje betre. På same måten som vanleg sletting blir ikkje det som ligg lagra på harddisken, fysisk fjerna eller overskrive. Filene viser berre ikkje i utforskaren lenger. Det kan samanliknast med å rive ut innhaldslista i ei bok.
Korleis slette data
en enklaste måten å sikre at data ikkje kan gjenopprettast på, er å øydeleggje lagringsmediet fysisk, til dømes ved å bruke ei sleggje på ein harddisk. Ulempa er sjølvsagt at disken blir ubrukeleg. Dette er derfor berre eit alternativ for maskiner som skal kasserast.
Ein annan metode å slette data på er å avmagnetisere lagringsmediet. Harddiskar og magnetband lagrar data magnetisk, og ved å køyre dei gjennom ei avmagnetiseringseining, kalla ein degausser, blir alle data fysisk sletta. Ulempa er også her at mange typar lagringsmedium ikkje kan brukast igjen etter at dei er blitt avmagnetiserte.
For å fjerne data permanent frå eit lagringsmedium på ein måte som ikkje skader mediet, må dataa skrivast over med nye data, helst mange gonger. Det finst mange program som gjer nettopp det, eitt døme er Eraser.
- Video: Ontrack Eraser Degausser
- Lenkje: Sikker sletting – artikkel frå DinSide.no
- Lenkje: Degausser.com
Ved vanleg sletting eller formatering blir ikkje det som ligg lagra på harddisken, fysisk fjerna eller skrive over.