Hopp til innhald

Fagstoff

Analysemodellen

Her skal vi gå litt grundigare inn på analysemodellen til Georg Kamfjord for det heilskaplege reiselivsproduktet.
Illustrasjon som viser ein modell av det heilskaplege reiselivsproduktet. Sentralt i modellen står gjesten. Dei ulike    tilboda og aktørane som til saman utgjer reiselivsproduktet, er plasserte i sirklar rundt gjesten.

Indre lag – primærfaktorane

I det inste laget av sirkelen finn vi desse primærfaktorane:

  • Transport via veg, bane, luft eller sjø er ein viktig del av ei reise. Transporttid, transportkostnad og tilgjenge kan bestemme kvar vi har høve til å reise. På same tid kan sjølve reisa vere ein sentral del av opplevinga.
  • Overnatting kan skje på ulike vis såframt vi ikkje nøyer oss med ei dagsreise. Også denne delen er ofte ein sentral del av reiseopplevinga.
  • Attraksjon kan spenne frå historiske og religiøse stader og bygg via unike naturfenomen til moderne opplevingsparkar. Uansett om attraksjonen er natur- eller menneskeskapt, er han med på å gi reiseopplevinga eit definert innhald, og i mange tilfelle bygg han ein sterkare identitet hos den reisande. Sterke inntrykk frå ein rockekonsert på Roskildefestivalen eller frå ein verdsarvstad som Stonehenge kan følgje oss i mange år og påverke interessene våre.
  • Mat er kanskje den faktoren som har endra seg mest dei siste åra. For relativt få år sidan var det få nordmenn som planla ei reise ut frå kva og korleis dei kunne ete. I dag er det fleire serveringsstader som opplever at gjestene deira har lagt opp reisa for å oppleve nettopp den unike maten deira, miljøet og kvaliteten.

Ytre lag – rammefaktorane

I det ytste laget av sirkelen finn vi fire hovudgrupper av rammefaktorar:

  • Natur- og kulturlandskap er grunnlaget for mange norske reiselivsbedrifter. Ikkje minst for dei internasjonale gjestene er vakre natur- og kulturlandskap svært attraktive rammer for reiselivsopplevingar. Naturlandskap er som namnet seier skapt av naturen sjølv. Her er utfordringa ofte å hindre menneskelege inngrep som vegar, industri, høgspentmaster eller vindmøller. Kulturlandskap er gjerne større område der det er eit nært samspel mellom menneske og natur. Dei fleste kulturlandskapa i Noreg er baserte på primærnæringane jordbruk og fiske, men det finst også døme på kulturlandskap som er prega av by- eller industrisamfunn. Gruvebyen Røros er eit slikt døme.
  • Andre næringar og sektorar kan vere viktige leverandørar av varer og tenester utan å tilhøyre reiselivsnæringa. Døme er daglegvarehandel, taxi, buss, byggjenæringa og landbruket.
  • Infrastruktur er blant anna samferdsel (breiband, mobilnett, veg, bane, tog og fly) og straum- og vassforsyning.
  • Fellesgode omfattar blant anna badestrender, rasteplassar, turløyper og andre tilbod som er med på å styrkje opplevinga utan at det skaper direkte inntekter for ein enkelt aktør.
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.02.2019

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet