Hopp til innhald

Fagstoff

Karamellpudding

Ein god, smakfull karamellpudding er noko som blir servert ved høgtider og festlege tilstellingar i mange heimar.
Karamellpudding med krem og bær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein karamellpudding består av sukker, mjølk, kremfløyte, egg og vaniljestong.

Framgangsmåte

  1. Kok opp mjølk/fløyte, sukker og vanilje. Avkjøl litt.
  2. Slå egg eller eggeplommer lett saman før mjølkeblandinga/fløyteblandinga blir piska inn.
  3. Sil for å få bort eggetrådar og vaniljestong.
  4. Smelt sukker i ein kjele på svak varme. Ikkje rør i sukkeret før det har byrja å smelte, elles kan det danne seg harde klumpar.
  5. Hell karamellen i ei puddingform, og vend litt på ho slik at karamellen fordeler seg fint på heile botnen.
  6. Hell smeten i dei karamelliserte formene.
  7. Posjer formene i vassbad.
  8. Sjekk om puddingen er ferdig ved hjelp av baksida på ei fukta skei. Han skal kjennast fast, men likevel gi litt etter, omtrent som gelé.
  9. Avkjøl puddingen til neste dag, og server med piska krem og karamellsaus frå forma.

Enklare variant

Karamellpudding kan òg lagast på ein enklare måte utan å koke opp mjølk/fløyte. Då berre piskar du alt lett saman og siler det over i sukkerglaserte former.

Posjer i kombidampar i cirka 1 time ved 90 °C eller i vassbad i vanleg steikjeomn i 2–3 timar ved 125 °C.

Video

I denne videoen kan du sjå korleis ein lagar karamellpudding på den franske måten, der ein òg tilset noko av den smelta karamellen i smeten. I den norske karamellpuddingen blir karamellen berre nytta i formene.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020

Læringsressursar

Dessertar