Hopp til innhald

Fagstoff

Mørdeig/linsedeig

Mørdeigen er allsidig og kan nyttast til både småkaker, terter og paiar. Linsedeig og mørdeig er same type deigar, men ofte er linsedeigen meir eksklusiv med eggeplommer og melis i deigen.
Eit stykke fyrstekake på ein tallerken, pynta med appelsinfiletar, pasjonsfrukt og raud saus. Ein kopp med kaffi står ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mørdeig er ein deig som blir nytta til tørre, møre kaker som fyrstekake, eplekake og fylte terter. Deigen blir òg nytta til å lage småkaker som til dømes tyske skiver, smørkransar, sjakkruter og serinakaker.

Mørdeig består av

  • 1 del sukker eller melis
  • 2 delar smør
  • 3 delar kveitemjøl
  • 1 eggeplomme
  • 1 egg

Framgangsmåte

Deigen kan blandast saman for hand eller ved bruk av maskin.

  • Ha sukker/melis, smør og kveitemjøl i ein miksebolle.
  • Bland alt saman på middels fart.
  • Ha i egg og bland lett saman. Ikkje arbeid deigen for mykje.
  • La deigen avkjøle ein halvtime før du nyttar han.

Video

Denne filmen viser korleis ein lagar ein mørdeig, og deretter korleis ein lagar ein tertebotn av denne deigen.

Video

Denne filmen viser korleis ein lagar ein linsedeig, og deretter korleis ein lagar linser og finare småterter av denne deigen.

CC BY-NC-SASkrive av Terje Røssland og Einar Martin Kålen. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 08.04.2020

Læringsressursar

Massar