Spørsmål til teksten «Den viktige sperregrensa».
- Kor stor oppslutning må eit parti ha for å komme over sperregrensa?
- Kva blir konsekvensane for dei partia som hamnar under sperregrensa?
- Kor mange tilleggsmandat konkurrerer partia om?
- Kva er det som avgjer kor mange mandat kvart fylke har i Stortinget?
- Dei fleste europeiske land har ei eller anna form for sperregrense. Kvifor?
- Når vart ordninga med utjamningsmandat og sperregrense innført i Noreg?
- Kva betyr det at eit parti «ligg på vippen»?
Bonusoppgåve
I 1952, samtidig som Noreg tok i bruk Sainte-Laguës metode for mandatutrekning, oppheva Stortinget den såkalla bondeparagrafen i Grunnlova. Finn ut kva denne regelen gjekk ut på, og kvifor han vart fjerna.
Relatert innhald
CC BY-NC-SASkrive av Hege Røyert. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017