Vitskapleg arbeidsmåte
Omgrepet "teori" blir brukt forskjellig i dagleglivet og i vitskapen. I naturfag er teoriar den sikraste kunnskapen vi har til no, mens vi til dagleg ser på ein teori som noko usikkert. Vi kjem fram til vitskaplege teoriar gjennom eksperiment og observasjonar.
Eksperiment går føre seg!Opphavsmann: Scott Feldstein
"Alt for å finne det sannes mysterium,
- det er den ekte forskers kriterium."
Henrik Ibsen
Frå hypotese til teori
Når du skal løyse eit problem etter naturvitskapleg arbeidsmåte, begynner du med å setje opp ein eller fleire hypotesar for kva du meiner løysinga kan vere. Ein hypotese kan nærast beskrivast som ei kvalifisert gjetting – du veit enno ikkje kva løysinga vil vere, men du har ein idé.
For å kontrollere om hypotesen din stemmer, konstruerer du ulike eksperiment (forsøk) som vil vise om du har rett eller ikkje. Det er viktig å beskrive desse forsøka nøye, slik at andre kan etterprøve konklusjonane dine ved å gjennomføre dei same eksperimenta på den same måten.
Utveljing av ein hypotese som skal testast.Opphavsmann: Wikimedia Commons
Eit foreløpig mål
Dersom andre gjennomfører dei same eksperimenta som deg og kjem til dei same resultata, vil det bli semje om at hypotesen er ein god modell for å beskrive det verkelege. Når forskarmiljøet har komme fram til ei slik semje, vil hypotesen bli omdøypt til ein teori.
Ein teori er altså inga gjetting, men noko som er underbygd av ulike eksperiment over lang tid – noko som forskarar verda over stort sett er einige om.


