Fagstoff

Ytringsfridom under ansvar

Publisert: 07.08.2013, Oppdatert: 09.08.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

demonstrasjon for respekt og ytringsfrihet. Foto.  

I eit samfunn med ytringsfridom kan du offentleg stå fram med meiningane dine. På den måten kan du fremje dine eigne interesser.

Ytringsfridom er eit vilkår for at eit demokrati skal fungere. Skal eit samfunn styrast av folket sjølv, må folk ha høve til å fortelje korleis dei vil ha det.

I Noreg har vi demokrati og ytringsfridom. Du kan meine kva du vil, og du kan fortelje om det heilt ope. På den måten kan du vere med og påverke korleis landet skal styrast, i stort og smått.

Men kva med dei som ikkje er i stand til å gjere seg nytte av ytringsfridommen og til å ta seg av sine eigne interesser? Kven skal tale deira sak?

Dei som ikkje kjem til orde

Det er eit rettferdig prinsipp at alle som høyrer til i eit samfunn, har rett til å vere med på å bestemme korleis samfunnet skal styrast. Men det er samtidig eit problem at nokre ikkje er i stand til korkje å ytre seg eller å røyste ved val. Her er nokre døme:

  • Barn kan ikkje sjølve gi uttrykk for korleis dei kan få det best mogleg. Dei er heilt avhengige av at vaksne syter for å få gjennomført tiltak som er nødvendige for at dei skal ha det godt.
  • Menneske med sterke psykiske funksjonshemmingar er heller ikkje i stand til å skaffe seg oversikt over kva slags ordningar dei treng for å ha eit godt liv. Dermed er det vanskeleg for dei å ta hand om sine eigne interesser. Andre må gjere det for dei.
  • Nokre interessegrupper er så små at dei hadde blitt nedstemt uansett, dersom det alltid skulle vere fleirtalsavrøystingar. Dei manglar ikkje evne til å målbere behova sine, men er likevel avhengige av at andre meiner at det er verdt å ta omsyn til dei. Menneske med fysiske funksjonshemmingar er ei slik gruppe. Dei er ein minoritet i samfunnet og har samtidig behov for ekstra tilpassingar for å kunne vere med på likefot med andre.

Dersom vi hadde fleirtalsavrøystingar der alle berre tenkte på sine eigne behov, ville slike tilpassingar aldri skje. Men slike minoritetsgrupper får hjelp frå funksjonsfriske som lyttar, bryr seg, og som trur på at alle menneske skal ha same retten til eit godt liv. Slik kan ein få stor nok oppslutning om saker som er viktige, sjølv om dei berre gjeld ein minoritet.

Solidaritet

Å vere solidarisk vil seie å kjempe for ei sak som eigentleg gjeld andre. Til dømes kan du stille deg solidarisk med incestoffer og hjelpe til med å gi dei gode behandlingstilbod, endå du sjølv har hatt ein lykkeleg og harmonisk oppvekst. Eller du kan arbeide for at uføretrygda skal få gode pensjonar, jamvel om du sjølv er arbeidsfør.

Heile det demokratiske systemet er bygd på solidaritet. Den som bruker ytringsfridommen og tek del i politikken, har plikt til å tenkje på fleire enn berre seg sjølv.

Dei som legg fram forslag til politiske løysingar, har ansvar for å tenkje igjennom korleis desse løysingane vil påverke andre. Den enkelte deltakaren i demokratiet har medansvar for heilskapen. Dei løysingane han eller ho foreslår, skal vere til nytte for samfunnet som heilskap.

Internasjonal solidaritet

Den solidariteten som krevst av deltakarane i eit demokrati, sluttar ikkje ved ei landegrense. Vi er ikkje berre deltakarar i det norske samfunnet, men også i det globale samfunnet. Vi er innbyggjarar på den same kloden, og ingen av oss kan flytte herifrå. Det er ikkje slik at velstanden i Noreg berre er vår eiga forteneste, og at alle andre har seg sjølve – og lagnaden – å takke dersom dei har det vanskeleg. Dei som har midla og føresetnadene elles, har plikt til å gjere det dei kan for å rette opp det som er urettferdig.

Relatert innhald