Hopp til innhald

Fagstoff

Beredskapsplanar etter hendinga

Ved brann og andre uønskte hendingar er det viktig å avgrense skadane og halde oppe drifta av verksemda så godt som mogleg. Vi skal sørgje for at tilsette og gjester blir tekne godt vare på etter hendinga. Vi bør også vere budde på å møte media.
Ein mann med refleksvest og arbeidshjelm held pressekonferanse på ein byggeplass. I bakgrunnen ser det ut som ein veg under oppføring har rast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vidare drift

Avgrense skadeverknader

Når bedrifter opplever uønskte hendingar som til dømes brann, er det svært viktig å prøve å avgrense skadeverknadene for drifta. Dersom ein ikkje får til det, kan verdikjeda i bedrifta bli broten. Blir skadane store, kan driftsstansen bli lengre enn verksemda toler, og det kan bli vanskeleg å overleve som bedrift.

Med gode planar for vidare drift kan ein komme langt raskare tilbake i normal drift enn om ein startar heilt på berr bakke utan noka form for planar.

Halde verksemda i gang

Vi ser for oss at gjester og tilsette er evakuerte. Då må nøkkelpersonell som er knytt til drift av verksemda, snarast mogleg begynne å avgrense skadane og starte opp delvis drift eller full drift av verksemda dersom det er mogleg.

Det kan vere vanskeleg å utforme gode planar for dette, og dei må ofte utformast i situasjonen. Men noko kan vi vere buddde på, til dømes ved å ha gode backup-rutinar for lagring av data, planar for leige av reservelokale og gode beredskapsavtalar med skadeavgrensingsfirma.

Ettervern

Det er sjølvsagt at ein gir behandling for fysiske skadar etter uønskte hendingar. Meir utfordrande kan det vere å sjå behovet for emosjonell førstehjelp etter traumatiske hendingar som til dømes brann. Du kan lese om emosjonell førstehjelp her.

Verksemda bør ha ein beredskapsplan også for dette. Dei som ofte blir knytte til denne typen planar, er nøkkelpersonar med ansvar for personale (HR) og helse, miljø og tryggleik (HMT).

Planane for ettervern blir gjerne utarbeidde i samarbeid med profesjonelle aktørar innan ettervern.

Hugs også at verksemda kan ha eit ansvar for besøkjande og gjester.

Media

Media er ofte svært raskt på staden der det har vore ei uønskt hending. Ofte blir dei tipsa før nødetatane får melding. Det er svært viktig å vere medviten om kven som uttaler seg til media, og at det er utarbeidd ein strategi for det. Feil utsegner til media kan ofte skade verksemda og vidare drift like mykje som sjølve hendinga.

Media skal behandlast høfleg, men bestemt. Gode rutinar for kven som kan uttale seg til media, er til god hjelp i krisesituasjonar.

Beredskapsplanar – ei stor utfordring!

Beredskapsplanane vi har beskrive her, er berre grunnleggjande forslag til planar på eit hotell.

Skal ein til dømes ta for seg evakueringsplanar på eit kjøpesenter, vil ein ofte dele opp senteret i soner og så la leigetakarane ha faste særoppgåver med å kontrollere toalett, heisar, rulletrapper og så vidare. Det vil ikkje fungere å først samle alle for så å fordele særoppgåver.

Poenget med å bruke hotellberedskap som døme er å skape forståing for kompleksiteten i arbeidet med beredskapsplanar. Det er ei utfordring å dekkje alt og samtidig gjere det enkelt.


Tenk over

Beredskapsplanar er ikkje hogde i stein. Dei vil bli endra, og det er viktig at alle på ein arbeidsplass deltek i arbeidet med å førebu planane. Hugs å forankre planane i risikovurderingane.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Beredskapsplanar