Hopp til innhald

Fagstoff

HLR - hjarte-lunge-redning

Hjarte-lunge-redning kan redde liv. Det er viktig å komme fort i gang og å utføre HLR riktig. Hjartekompresjonane må være djupe nok, taktfaste og utan avbrot.
En mann får førstehjelp med hjertekompresjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte ved HLR

  1. Sjekk om pasienten reagerer på tilrop og forsiktig risting.
  2. Dersom pasienten ikkje reagerer: Rop på hjelp!
  3. Snu pasienten på ryggen, og opne luftvegane (bøy hovudet bakover og løft haka fram). Sjekk om pasienten pustar normalt (sjå, lytt og føl etter normal pust i inntil 10 sekund). Legg pasienten i sideleie berre dersom pusten framleis er normal etter 1 minutt. Hald fram med å observere pusten nøye.
  4. Dersom pasienten ikkje pustar normalt eller sluttar å puste normalt: Ring 113 og skaff hjelp. Dersom det er mogleg, få nokon andre til å ringje 113 og til å hente ein hjartestartar (dersom ein slik er tilgjengeleg).
  5. Start HLR med 30 brystkompresjonar og deretter 2 innblåsingar (30:2).
    Brystkompresjonane bør vere 5–6 cm djupe med ein takt på 100 i minuttet.
    Kvar innblåsing skal ta ca. 1 sekund og avsluttast straks brystkassa hevar seg.
  6. Hald fram til hjelpa kjem (til profesjonell hjelp er klar til å ta over).

Trykkpunktet ved hjartekompresjon

  • Trykk 5–6 cm ned, 30 kompresjonar, 100 kompresjonar i minuttet.
  • 2 innblåsingar, ca. 1 sekund kvar gong.
Hjerte-lungeredning.
  • 30:2 – tretti kompresjonar, to innblåsingar

Viktig ved HLR

  • HLR blir dessverre framleis altfor utført ofte med dårleg kvalitet og med lange periodar utan brystkompresjonar. Kor viktig det er med kompresjonar av god kvalitet og med færrast moglege avbrot, kan ikkje strekast under sterkt nok.
  • Dersom ein medvitslaus person pustar normalt, skal førstehjelparen halde frie luftvegar og vente 1 minutt med å leggje den medvitslause i sideleie. Dersom førstehjelparen er i tvil om pusten er normal, skal HLR startast straks.
  • HLR skal startast straks dersom ein person er medvitslaus og ikkje pustar normalt.
  • Plasser hendene midt på brystkassa (ikkje bruk tidkrevjande metodar for å finne rett handplassering)
  • Start med 30 kompresjonar (takt på 100/minutt).
  • Tilhøvet mellom kompresjonar og innblåsingar skal vere 30:2.
  • Ufaglærte skal også bruke 30:2 på barn.
  • På slutten av kvar kompresjon skal hendene ikkje utøve noko trykk mot brystkassa.
  • Kvar innblåsing skal ta 1 sekund og avsluttast straks brystkassa hevar seg.
  • Unngå alle unødige pausar i kompresjonane, og sørg for at kompresjonane er djupe nok og har rett takt.
  • Dersom de er to førstehjelparar: Bytt på å komprimere ca. kvart andre minutt, for det viser seg at kvaliteten på kompresjonane minkar over tid. Unngå stopp i kompresjonane ved bytte.
  • Kontinuerleg HLR med god kvalitet som blir starta straks etter hjartestans, kan doble (kanskje tredoble) sjansen til å overleve plutseleg hjartestans.
OPPGÅVER
1. Kvifor er det så viktig å unngå alle unødige pausar i kompresjonane og sørgje for at kompresjonane er djupe nok og har rett takt? Sjå svar

Ein held ved like transport av friskt blod til hjernen. Det tek ca. 7–15 kompresjonar å opprette nok trykk til å transportere friskt blod til hjernen. Derfor er det viktig med færrast moglege avbrot.

2. Kva er tilhøvet hjartekompresjonar/innblåsingar, og korleis skal dei utførast? Sjå svar

30/2, 5–6 cm djupe kompresjonar på vaksne, og ca. 1 sekund på kvar innblåsing

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

Førstehjelp