Hopp til innhald

Fagstoff

Merkevara Noreg

Har du nokon gong tenkt over at Noreg er ei merkevare med ein nasjonal merkevarestrategi? Kva tenkjer du kjenneteiknar merkevara Noreg?
Vakker natur med grøne grassletter med små hytter, ein blå fjordarm og bratte, snøkledde fjell.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Noreg som merkevare

Merkevara Noreg handlar om å posisjonere Noreg ved å fortelje ei felles historie om kven vi er, kvar vi kjem frå, og kva vi kan tilby.

Ei god merkevare blir kjenneteikna av at produktet har verdi og får tilleggsfordelar i kraft av sjølve namnet eller merket. Vidare må produktet stemme overeins med dei forventningane forbrukarane har til produktet. Merkevara Noreg har lykkast når Noreg har eit godt omdøme internasjonalt, og når vi blir assosiert med positive verdiar og kvalitetar.

Å merkevarebyggje Noreg handlar mellom anna om å vidareutvikle Noreg som reisemål nasjonalt og internasjonalt. Det betyr at vi må gi turistane positive opplevingar som lever opp til bilda dei har av reisemålet Noreg.

Profileringa av merkevara Noreg skaper forventningar om korleis vi er som ferieland. Vi ønskjer at Noreg først og fremst skal bli oppfatta som eit berekraftig og ansvarleg land, med rein, forfriskande og natur.

Stort passasjerskip med namnet Finnmarken ved kai. I bakgrunnen stig høge, skogkledde fjell mot himmelen. Det er sommar, men enkelte snøflekkar ligg igjen mot toppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisasjonen FutureBrand forskar på verdien av nasjonale merkevarer. Årleg gir dei ut rapporten Country Index, som ser på kva verdiar og kvalitetar dei ulike landa blir assosierte med globalt. I 2020 er Noreg rangert på tredje plass av til saman 75 land. Japan ligg på første og Sveits på andre plass. Ta ein titt på FutureBrand Country Index 2020 (PDF).

Noreg blir assosiert med rein og flott natur, velferd, høg kompetanse innan teknologi og digitalisering, og blir rekna for å vere langt framme på berekraftig utvikling. FutureBrand skriv i rapporten sin at forbrukarar er meir tilbøyelege til å reise til og kjøpe produkt og tenester frå land som dei har eit godt inntrykk av.

Det finst fleire norske bedrifter som har klart å vinne fram i den internasjonale marknaden, som til dømes Ekornes med merkevara Stressless og Jøtul med den kjende Jøtul-omnen. Likevel er det framleis eit stort potensial for norske merkevarer på den internasjonale marknaden. Ei sterk nasjonal merkevare, med positive assosiasjonar, kan vere godt å ha i ryggen for norske bedrifter som vil satse internasjonalt.

Tenk over

Kva assosiasjonar får du når du ser "Made in Norway" på eit produkt?

Kva trur du kjenneteiknar norske merkevarer som klarer å lykkast i den internasjonale marknaden?

På kva måtar trur du at merkevara Noreg kan bidra til å gjere norske bedrifter meir synlege og slagkraftige i ein global konkurranse?

Merkevara Noreg og FNs berekraftsmål

Innovasjon Noreg er opptekne av å bidra til å posisjonere Noreg som banebrytande på berekraftige løysingar. Visste du til dømes at den første heilelektriske bilferja i verda går på norske fjordar? Eller at Noreg står bak den første flytande vindparken i verda?

Sterke inntrykk med små avtrykk

Den nasjonale reiselivsstrategien fram mot 2030 har visjonen "Sterke inntrykk med små avtrykk". Verdigrunnlaget til visjonen er: "Vi skal bli et verdsatt, grønt reiseliv. Vi skal bli det med pionerånd og omtanke – og vi skal bli det sammen!"

Relatert innhald

Oppgåver knytte til ein video frå Innovasjon Norge om Merkevaren Norge.

Kjelde

Innovasjon Noreg. (2021). Nasjonal reiselivsstrategi 2030. Sterke inntrykk med små avtrykk. https://assets.simpleviewcms.com/simpleview/image/upload/v1/clients/norway/nasjonal_reiselivsstrategi_2021_1__2a784ce5-7b8f-438d-a40b-65a68707dff5.PDF

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng, Kjell Rosland og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.08.2023

Læringsressursar

Marknadsstrategiar og merkevarer