Hopp til innhald

Fagstoff

Det heilskaplege reiselivsproduktet

Det heilskaplege reiselivsproduktet omfattar transport, overnatting, måltid, aktivitetar, attraksjonar og sjåverdige ting og stader. Mange aktørar bidrar til produktet.
Båt ved Rådhusplassen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle dei eg møtte

Når du kjem heim frå ei feriereise, har du møtt mange reiselivsaktørar. Det ser du kanskje aller best når nettbanken viser kor mange ulike bedrifter du har trekt bankkortet ditt hos. Somme av desse bedriftene trefte du kanskje litt tilfeldig, andre var ein viktig og planlagd del av reiseopplevinga. Uansett er kontooversikta ein god illustrasjon på kor samansett ei reiselivsoppleving kan og skal vere.

Reiseliv er samspill

Om du skal arbeide i reiselivet, er det viktig å forstå korleis desse ulike reiselivsaktørane saman skaper ei total reiseoppleving.

Her skal vi først og fremst bruke den norske forskaren Georg Kamfjord sin modell for det heilskaplege reiselivsproduktet. Vi vel modellen til Kamfjord fordi den har vore og er sentral i utviklinga av norsk reiseliv.

Analysemodellen

Du vil kanskje spørje om kva som er vitsen med å bruke ein teoretisk forskingsmodell når målet er å gjere ting lettare å forstå, meir praktisk og aller helst knytt til vår eigen kvardag.

Modellen til Kamfjord er blitt godkjend internasjonalt nettopp fordi han kan brukast slik. Han gir både reisande, elevar, studentar, tilsette og etablerarar eit betre utgangspunkt for å forstå korleis og kvifor gode reiselivsopplevingar stort sett alltid blir skapte i samarbeid lokalt.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Reiseliv