Hopp til innhald

Fagstoff

Piemonte

Barbera, barolo, barbaresco. Nokre av verdas mest populære og prestisjetunge vinar kjem frå området ved foten av fjella. Piemonte betyr nemleg «ved foten av fjellet». Her blir det laga både raud, kvit og musserande vin, men det er raudvin som har sett Piemonte på kartet i vinverda.

Raudvin

Barolo og barbaresco er kongen og dronninga blant vinane herfrå, og begge blir laga av drua Nebbiolo. Denne drua blir ikkje berre nytta ved byane som har gitt vinane namn, men i fleire delar av Langhe-området og i Ghemme og Gattinara lenger nord mot Alpane (her blir drua tradisjonelt kalla Spanna).

Desse vinane er flotte matvinar, dei er komplekse og toler lang lagring – men dei minner meir om finstemde og nyanserte raudvinar frå Burgund enn om smaksbomber frå til dømes Bordeaux og Veneto. Klassiske aromaer er raude bær og tørka frukt, nype, svart te, tjære og fine blomstertonar.

Barbera er kvardagsdrua i Piemonte og gir syrlege og friske raudvinar med mindre snerp enn vin laga på Nebbiolo. Områda rundt byane Asti og Alba er rekna som dei beste, men det blir dyrka Barbera mange stader i Piemonte. Nokre produsentar legg barberavinen sin på eikefat, mens andre ønskjer uforstyrra fruktigheit.

Kart over Nordvest-Italia. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dolcetto er også ein kvardagsvin, men denne drua gir vin med meir snerp og mindre syre enn Barbera. Felles for dei to er ein rein, klar smak av kirsebær, morellar, mørke bær og eit hint av mandel.

Felles for desse tre viktige raudvinsdruene er at dei stammar frå Piemonte, og ein har ikkje lykkast i å lage betre utgåver av dei nokon annan stad i verda.

Kvitvin

Det blir dyrka nokre internasjonale druer i Piemonte òg, som Riesling og Chardonnay. Men igjen er det dei lokale druene som gir den mest minneverdige vinen.

Den vesle byen Gavi har gitt namn til ein ferskenduftande kvitvin av drua Cortese. I Roero-området blir det laga kvitvin av drua Arneis, denne har gjerne pæreliknande aromaer.

Musserande

Musserande vin frå Piemonte er søt, fruktig og ukomplisert. Men pass deg for namnelikskapen! Det er nemleg to velkjende boblevinar som kjem frå Piemonte: Asti og Moscato d'Asti.

Begge blir laga av Moscato-drua, men elles er det nokon forskjellar:

Asti:

  • Musserande, minimum 3 bar trykk

  • 6–9,5 prosent alkohol

  • Blir gjerne laga i stort volum, med druer frå mange ulike dyrkarar

  • Litt lågare sukkerinnhald, men meir tydeleg søtsmak

Moscato d'Asti:

  • Perlande, maksimum 2 bar trykk

  • Maksimum 6,5 prosent alkohol

  • Meir vanleg med enkeltprodusentar

  • Litt høgare sukkerinnhald, men meir aromatisk

Felles for dei to er at det er lette, søte, friske og fruktige vinar. Dei er aromatiske og luktar og smaker av druer, pære, blomstrar og sitrus.

I motsetning til mange klassiske dessertvinar – som er intenst søte, ganske alkoholsterke og har djupe aromaer – har Moscato-basert vin i denne stilen ei delikat fruktigheit og ein kombinasjon av syre og søtleik. Dette gjer vinen til ein klassisk følgjesvein til sommarlege dessertar som pavlova, bær og frisk frukt. Vinen støyter ingen og er ein god allround dessertvin. Både Asti og Moscato d'Asti blir laga på tankmetoden.

Til mat

  • Barolo passar til kraftige viltrettar, smaksett til dømes med einerbær.
  • Barbaresco er noko lettare enn Barolo, men er også ein utmerkt vin til vilt.
  • Barbera går til fugl, lyst kjøtt og ost.
  • Dolcetto blir drukke til kaldtbord og kanskje torsk.
  • Moscato d'Asti er nydeleg til friske jordbær.
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Italia