Hopp til innhald

Fagstoff

Identifisere roller i prosessen

Når prosessen er kartlagd, held vi fram med å identifisere kva roller som utfører dei ulike stega i prosessen.
Kvinne skanner strekkoden for å lagre varehusdata. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om rollene i ein arbeidsprosess blir fylt av personar, prøver vi å unngå å bruker personnamn når vi skal dokumentere ein prosess. I staden bruker vi stillingsnemningar. Det gjer at vi ikkje treng å endre på rollene i prosessen dersom nokon sluttar og nye personar blir tilsette. Ofte omfattar også den same rolla fleire personar. Ei verksemd kan til dømes ha mange ordremottakarar, kundebehandlarar, lagermedarbeidarar og så vidare.

I dømet med prosessen for bestilling og utsending av varer kan vi tenkje oss at dei fire første oppgåvene – å ta imot bestillinga og registrere kunden og bestillinga – blir gjorde av ein ordremottakar.

Oppgåve 5 og 6: Lagersjefen sjekkar om vara er på lager og sender eventuelt bestilling og informerer kunden.

Oppgåve 7 og 8: Ein lagermedarbeidar skriv ut pakksetel og sender vara.

Vi får då tre roller i prosessen:

  • ordremottakar (oppgåve 1 til 4)
  • lagersjef (oppgåve 5 og 6)
  • lagermedarbeidar (oppgåve 7 og 8)

Diagrammet under viser kvar rollene er plasserte i prosessen.

Flytskjema -bestilling fra kunde
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om det er personar som fyller rollene i ein arbeidsprosess, prøver vi å unngå å bruke personnamn når vi skal dokumentere ein prosess.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Kravdefinisjon