Hopp til innhald

Fagstoff

Vi morar oss i hel

I boka Vi morer oss i hjel hevdar medieforskaren Neil Postman at fjernsynsmediet tek regien og gjer den offentlege samtalen om til underhaldning. Kor aktuell er mediekritikken hans i dag?
Ein svart TV står på ein svart benk. På TV-en er det bilete av ein kniv, og på benken og nedst på skjermen er det blodsøl. I blodet ligg to augeeple. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mediekritikk og samfunnskritikk

I 1985 kom det ut ei bok i USA som skulle vise seg å bli ei av dei viktigaste mediekritiske bøkene som er skrivne. Tittelen var Amusing Ourselves to Death[1], på norsk Vi morer oss i hjel. Medieforskaren Neil Postman ved New York University vekte stor oppsikt med sin skarpe kritikk av makta og påverknaden til fjernsynet.

Mange meiner Postman har fått rett i det han den gongen føresåg: «Vi morar oss i hel.» Det Postman den gongen beskreiv som ei amerikansk medieverkelegheit, har for lengst òg blitt norsk verkelegheit. Også i TV-verkelegheita vår blir mykje gjort om til underhaldning.

Boka til Postman er både medie- og samfunnskritikk, og ho er eit godt grunnlag for eit kritisk blikk på vårt eige samfunn og vår eigen kvardag. Korleis påverkar og formar fjernsynet verkelegheita vår? Er TV berre den nøytrale formidlaren vi gjerne vil at det skal vere, eller har TV blitt ein eigen ideologi?

Fjernsynet tek regien

Når politikarar meir eller mindre frivillig lar seg bruke i underhaldningsprogram, er det heilt i tråd med det Postman føresåg i analysen sin. Eit døme er når senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum stiller opp som fugleskremsel i NRKs underhaldningsprogram Maskorama (2020).

Politikarar stiller òg opp i diskusjonsprogram der dei blir tildelte roller av ein speleleiar, og «kampen» mellom motstandarane går føre seg i ein arena der også publikum får kommentere innsatsen.

To menn med kjensleladde ansiktsuttrykk debatterer på TV med CNN-logoar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Nyheitssendingar blir lagde opp etter klare dramaturgiske reglar, og reklamebransjen bruker i stadig større grad humor og underhaldning i bodskapane sine. Også andre delar av det som tidlegare blei formidla journalistisk, blir regissert og dramatisert, til dømes reise- og matprogram på TV. Dei dramatiske elementa blir gjerne kalla «reality», og deltakarar og publikum blir ein del av underhaldninga, som blir laga som seriar.

Det engelske omgrepet blir brukt om undervisnings- og opplysningsinnhald som blir presentert i eit underhaldningsformat, slik som i dette innslaget frå NRK-programserien Demenskoret (2023):

Fjernsynet si rolle og kravet om underhaldning er òg tydeleg i samband med aksjonar og prisutdelingar. Fredsprisutdelinga er alltid knytt til ein storslått konsert som blir send direkte på TV, og innsamlingsaksjonar er utenkjelege utan underhaldningsbidraget frå fjernsynet.

Dei store distributørane samlar dei mest populære underhaldnings- og nyheitskanalane i pakker og tilbyr dei via kabel eller satellitt saman med mange sportskanalar, som på sin eigen måte blandar underhaldning og nyheiter.

Mediet formar den offentlege samtalen

I Postmans amerikanske analyse er det først og fremst underhaldningsindustrien som er den styrande, med TV-kanalar som gjer alt om til underhaldning. Det er ikkje underhaldninga i seg sjølv som er problemet, seier Postman, men at alt stoff – ikkje minst den offentlege diskusjonen – blir framstilt som underhaldning. Nyheiter, politikk, religion, reklame – alt blir påverka og styrt av krav om å skulle underhalde.

Digitalisering, internett og mediekonvergens har dei siste tjue åra endra mediebruken vår. Er då dei spørsmåla som Postman stilte på 1980-talet, like aktuelle i dag? Svaret er både ja og nei. Dei tradisjonelle TV-kanalane har fått sterk konkurranse av nett-TV og YouTube, og sosiale medium fyller mykje av kvardagen vår. Men framleis er underhaldningsaspektet dominerande i det meste av det innhaldet vi konsumerer.

Offentleg meiningsutveksling er viktig i alle demokratiske samfunn. Postman var i si tid oppteken av og bekymra for korleis TV-mediet forma . I dag ser vi at sosiale medium utfordrar den offentlege samtalen på andre måtar enn TV-mediet, gjennom polarisering, ryktespreiing og trakassering. Det kan tyde på at Postman har rett i at mediets eiga ibuande kraft er ein maktfaktor som påverkar og styrer den offentlege samtalen også i vår tid.

Sylvi Listhaugs Facebook-konto med bilete av maskerte framandkrigarar og teksten «AP mener at terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til fordjuping

I dette intervjuet frå 1985 fortel Neil Postman sjølv om boka: Amusing Ourselves to Death

CC BY-NC-SASkrive av Trygve Skanding og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 12.02.2018

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad