Under ser du ei oversikt med døme på nødvendig produktkunnskap. Vi tek utgangspunkt i ei jakke frå Norrøna.
Produktkunnskap | Eksempel |
---|---|
Kvalitet | Ei GORE-TEX®-jakke med Active Shell-materiale, kjem i storleikane S, M, L og XL i unisex-fasong. |
Produkthistorikk | Kor lenge jakka har vore på marknaden, og om det er ei forbetra utgåve av tidlegare jakker. |
Produsent | Norrøna har produsert jakka. |
Leverandør | Norrøna har levert jakka. |
Bruksområde | Turgåing, skitopptur, stisykling, stispringing, langrenn, fjellsykling, generelt friluftsliv, fjellturar, sykling. |
Produktfordelar og brukarfordelar | GORE-TEX® Active Shell er vasstett, ekstremt pustande og vindtett. Låg vekt, lågt volum, mjukt og lett å pakke – GORE-TEX® Active passar utmerkt til aerobe aktivitetar der ein treng vern mot vind og regn. Brystlomme, eihandsstramming, handleddstramming med borrelås, lufting under armane, mjukt hakevern, rygglomme med glidelås. |
Vedlikehald | Vask jakka på 40 gradar utan skyljemiddel. Skyljemiddel øydelegg pusteeigenskapane. |
Negative sider | Jakka er ikkje så varm, kanskje litt liten i storleiken, kjem førebels i få fargar. |
Vilkår | Fem års garanti for material- og produksjonsfeil. Vanleg reklamasjon etter forbrukarkjøpslova er to år. |
Konkurrentar og produkta til konkurrentane | Seljar må kjenne til produkta til konkurrentane og eigenskapane ved desse produkta for å kunne fortelje kunden kva som er unikt med denne jakka – til dømes Arc’teryx, The North Face, Adidas og så vidare. |
Produktkunnskap i ulike bransjar
Kor viktig produktkunnskap er, heng saman med kva bransje du jobbar i, og kva slags produkt du sel. Er du seljar i ein matvarebutikk eller ein kiosk, er produktkunnskap mindre viktig enn dersom du jobbar i bakeri, apotek eller bilforretning. Små kjøp som ein gjer ofte (rutinekjøp), som til dømes sjampo, mjølk, sjokolade og avis, krev mindre produktkunnskap frå seljaren enn kjøp av kompliserte og dyre produkt. Bil, båt, hus, mobiltelefon, moped, sykkel har ein meir omfattande kjøpsprosess, og det krev meir av seljaren.
Krav til kompetanse
For ein seljar på bedriftsmarknaden eller institusjonsmarknaden er det svært viktig med gode produktkunnskapar, gjerne kombinert med den rette utdanninga. Å selje delkomponentar til gravemaskinar, til datamaskinar eller ingrediensar til medisinar krev høg kompetanse.
Video om produktkunnskap
Sjå videofilmen for ei oppsummering av kor viktig produktkunnskap er for auka sal.
Oppgåve
Finn eitt produkt (ei vare eller ei teneste) du kjenner ganske godt, og lag ein liknande tabell for dette produktet som du såg over for Norrøna-jakka.