Hopp til innhald

Fagstoff

Telefonsal

Telefonsal eller telemarketing er når ein seljar oppsøkjer kunden over telefon med ein bestemt salsbodskap.
Dame med headset på oransje bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aviser, blad og tidsskrift og telefonselskap nyttar denne forma for sal mykje, med gode resultat. Organisasjonar som bruker telemarketing som hovudsalskanal, tilbyr ofte produkt der du knyter deg til bedrifta over lengre tid, slik som abonnement på Costume, til dømes, eller eit nytt telefonabonnement frå Telenor eller Tele2. Når ein seljar ringjer deg frå ulike selskap, startar han ein salssamtale der du får god informasjon om produkt, prisar og vilkår for kjøpet.

Fordelar

Denne forma for sal er både elska og hata. Først og fremst er det ei svært effektiv form for sal, der selskapa bruker godt skulerte salsmedarbeidarar til systematisk å ringje til alle potensielle kundar. Salsmedarbeidarane er effektive og når mange på kort tid. Det krev ikkje store lokale, og ikkje mykje utstyr.

Som seljar har du også høve til å forklare forhold rundt produktet som er viktige, og du kan avkrefte misforståingar. I tillegg kan du lese «kjøpssignal» hos kunden, sidan de er i dialog – noko som ikkje er mogleg når det er snakk om netthandel. For kjøpar kan det vere praktisk å bli oppringt, og ofte får du tilbod som er betre enn dei du allereie har, så du er definitivt i posisjon til å spare nokre kroner. Når du kjøper over telefon, har du angrerett. Det vil seie at du har 14 dagar på deg etter kjøpet til å ombestemme deg dersom du angrar.

Ulemper

Likevel er det mange som mislikar telefonsal og oppfattar det som påtrengjande og upassande. Mange har derfor reservert seg frå å bli ringt opp av slike selskap, men likevel får dei slike telefonar. Ifølgje denne artikkelen frå dinside.no har annankvar nordmann reservert seg mot telefonsal, men dei blir likevel ringde opp. Då er det viktig at du som seljar set deg inn i regelverket for telefonsal og reservasjon mot dette. Dersom kunden allereie har eit forhold til bedrifta som ringjer deg, har du som seljar nemleg lov til å ta kontakt. Velgjerdsorganisasjonar, til dømes Raudekrossen, har rett til å ringje med mindre ein reserverer deg spesielt mot dette også.

Telemarketing
Fordelar Ulemper
  • Effektivt for seljar, då ein når mange på kort tid.
  • Krev lita investering for seljar i utstyr og lokale.
  • Seljar er i dialog og salsposisjon.
  • Praktisk for kjøpar å få tilbod over telefon.
  • Kjøpar kan spørje og få god informasjon om produkta.
  • Du har angrerett.
  • Mange oppfattar det som irriterande.
  • Ein telefonseljar kan aldri erstatte personleg kontakt.

Relatert innhald

Angrerettlova seier er at forbrukaren kan oppheve kjøpet innan 14 dagar etter at han gjorde avtalen. Kva er dei viktigaste momenta i angrerettlova?

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 28.03.2018

Læringsressursar

Former for sal