Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ytringsfridom når terroren rår

Øye som overvåker databrukere
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn informasjon

  1. Kva handla Watergate-skandalen om?
  2. Kva blei konsekvensane av Watergate-skandalen?
  3. Organisasjonen WikiLeaks skapte stor merksemd då dei avslørte hemmeleg informasjon. Korleis jobbar WikiLeaks, og kva for reaksjonar har dei som jobbar for WikiLeaks blitt møtte med?
  4. Kven er Edward Snowden, kva for bakgrunn har han, og kva for informasjon har han kome med til pressa?
  5. Kva skjedde med Snowden etter at det blei kjent at han var kjelda til den informasjonen pressa sat på?
  6. Korleis grunngav president Obama overvaking av telefon- og internettrafikken?

Diskuter i klassen

  • Finst det situasjonar der det er rett av styresmaktene å overvake journalistar?
  • Er det nokre situasjonar der det kan vere rett å overlate sensitiv informasjon som gjeld den nasjonale tryggleiken til media?
  • Er det nokre situasjonar der det er gale å gjere det?
  • Bør media verne kjelder som formidlar informasjon som kan truge den nasjonale tryggleiken?

Relatert innhald

Pressefridom er grunnlovfesta i USA. Likevel opplever media overvaking, at journalistar blir diskrediterte, og at kjeldevernet er under press.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2018

Læringsressursar

Internasjonal mediepolitikk