Hopp til innhald

Fagstoff

Pressefridom og overvaking i USA

USA vil gjerne stå fram som ein forkjempar for demokratiske ideal og pressefridom. Likevel ser vi at mobil- og internettrafikken blir overvakt, at prinsippet om kjeldevern er under press, og at journalistar har blitt diskrediterte av styresmaktene.
Illustrasjon av to grupper menneske som står oppå ein mur, som er påmåla det amerikanske flagget. Mellom dei to gruppene går muren i stykke i ei djup kløft.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein liberalistisk mediepolitikk

Grunnlovfesta pressefridom

Frie medium er ein grunnpilar i eit . Pressefridom blei derfor innarbeidd i USAs 1. grunnlovstillegg i 1789.

Dersom eg måtte velje mellom ei regjering, men ingen aviser, eller aviser, men inga regjering, så ville eg valt det siste.
Sitat frå USAs tredje president, Thomas Jefferson, i 1787.

På verdsbasis verkar USA ofte som ein forkjempar for og . Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken oppmoda til dømes Kina i 2021 til å respektere retten til frie og uavhengige medium i Hongkong.

Medium og marknadsliberalisme

I USA finn vi i dag mange av dei største medie- og teknologiselskapa i verda. Det er resultatet av ein mediepolitikk som byggjer på utstrekt marknadsliberalisme. Selskap som 21st Century Fox‎, WarnerMedia‎, Discovery, Netflix, Alphabet (Google), Meta (Facebook) og Amazon dominerer i dag den globale mediemarknaden.

Radio- og fjernsynsselskapa er stort sett kommersielle og lever av reklameinntekter. Mangfaldet av kommersielle aviser er stort. Det finst nokre riksdekkjande aviser, men dei fleste er regionale.

Stort mediemangfald, men få nyheitskjelder

Det finst eit stort mangfald av medium i USA. Media er nemleg ei vare på marknaden på linje med andre produkt. Men mangfaldet kjem også av at USAs befolkning består at menneske med ulik kulturell, religiøs og språkleg bakgrunn.

Ein typisk amerikanar ser likevel berre på éin stor tv-kanal. Informasjon ut over dette hentar vedkommande frå og .

Eit polarisert nyheitsbilete

I eit liberalt demokrati skal media prinsipielt vere uavhengige av statsmakta. I 1949 innførte USA The Fairness Doctrine, med prinsipp som skulle sikre ei partinøytral nyheitsdekning i tv og i radio og sikre ein fri offentleg debatt. Men doktrinen var politisk kontroversiell, og han gjaldt heller ikkje for kabelselskap og aviser, eller seinare for innhald distribuert over internett.

Nyheitsdekninga i leiande aviser og dei største tv-selskapa i USA er i dag prega av dei politiske haldningane til dei som stemmer på demokratane. Som ei motvekt formidlar medieselskap som Fox News, Breitbart News Network og ei rekkje «Talk radio»-stasjonar høgreorienterte synspunkt som mange republikanarar er einige i.

Dei fleste amerikanarar vel informasjonskanalar som støttar opp under dei oppfatningane dei har frå før. Dette bidreg til eit sterkt samfunn.

Liten tillit til media

Ei undersøking frå 2020 viser at befolkninga i USA har liten tillit til media. 45 prosent stoler på media dei sjølve bruker, og berre 29 prosent stoler på nyheitsjournalistikken generelt, mens 14 prosent stoler på sosiale medium. Ei gallupundersøking frå 2017 viste at berre 14 prosent av dei republikanske veljarane hadde tillit til at media i stor eller rimeleg grad dekte nyheiter på ein måte.

Diskreditering av journalistar

Mistilliten til journalistar auka då Donald Trump tiltredde som president i USA i januar 2017. Han stempla alle kritiske journalistar som løgnarar, og valde i staden å kommunisere direkte med amerikanske borgarar via Twitter. På den måten prøvde han å setje den kritiske pressa ut av spel, noko som rokkar ved grunnleggjande prinsipp for rolla til pressa i eit demokratisk samfunn.

Dei siste åra har talet på journalistar i USA sokke med 30 000. Dette tomrommet er truleg i stor grad fylt av informasjon i sosiale medium – informasjon som ikkje er underlagd .

Skjermbilete av ei Twitter-melding som dåverande USA-president Donald Trump la ut i 2017, der han skuldar pressa for å drive med falske nyheiter.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forslag til regulering av sosiale medium

President Trumps sin fasinasjon for Twitter forsvann då Twitter i 2020 merkte delar av innhaldet han publiserte, som . Trump blei seinare utestengd frå alle dei store sosiale media i USA. Som ein motreaksjon truga han med å stengje dei sosiale media. Florida og Texas har i etterkant prøvd å få vedteke ei lov som gjer slik utestenging ulovleg.

Presidenten føreslo vidare at Twitter, Facebook og Google skal kunne bli straffeforfølgde for innhald som blir publisert på plattformene deira.

Trumps etterfølgjar, president Joe Biden, har også uttalt seg kritisk om sosiale medium. Han har mellom anna hevda at Facebook har bidrege til å ta livet av folk gjennom å spreie falsk informasjon om koronavaksinar. Men dei reguleringane det kom forslag om i 2021, handla først og fremst om å hindre dei store frå å misbruke marknadsmakta si.

Overvaking av journalistar og vanlege borgarar

Trass i prinsipp om ytringsfridom og pressefridom tyder ei rekkje avsløringar på at amerikanske styresmakter overvaker journalistar og motarbeider fri flyt av informasjon. Dette står fram som eit , sett i lys av det amerikanske fridomsidealet.

Overvaking av nett og mobil

Foto av ansiktet til ein ung, kvit mann med briller, halvkort hår, skjeggstubbar og grå skjorte.

Sidan angrepet på World Trade Center 11. september 2001, som amerikanarane ofte kallar "nine eleven", har USA innført ei rekkje overvakingstiltak som rammar deira eigne borgarar.

I juni 2013 avslørte den britiske avisa The Guardian at den militære amerikanske etterretningstenesta NSA (National Security Agency) har overvakt telefontrafikken til fleire millionar telefonabonnentar.

Seinare har det kome fram påstandar om at etterretninga har tilgang til serverane til selskap og tenester som Microsoft, Yahoo, Alphabet (Google), Meta (Facebook), Paltalk, AOL, Skype, YouTube og Apple.

Overvaking av journalistar

Ein månad før saka i The Guardian i 2013 avslørte det amerikanske nyheitsbyrået Associated Press (AP) at telefonlinjene deira hadde blitt overvakte av amerikanske styresmakter. Over 100 AP-journalistar skal ha blitt kartlagde.

Like etterpå kom neste skandale: Ein journalist hos Fox News, James Rosen, hadde blitt overvakt ved at amerikanske styresmakter skaffa seg tilgang til den private e-posten og telefonen til journalisten.

Krenking av pressefridom og kjeldevern

Den amerikanske regjeringa hevdar at det er straffbart for ein journalist å akseptere gradert informasjon frå ei kjelde. Kritikarar har lenge åtvara om at det å slå ned på såkalla "leakers" (nokon som lek informasjon) er skadeleg for frie medium.

Kjeldevernet er eit sentralt prinsipp for pressa, og det er eit kategorisk prinsipp. Retten til kjeldevern er mellom anna fastslått i artikkel 19 i FNs konvensjon om sivile og politiske rettar.

Kjelder

Gustavson, M. (2020, desember). Mediekrigen som river USA i filler. Aftenposten Innsikt. Henta 5. januar 2022 frå https://www.aftenposteninnsikt.no/usa/mediekrigen-som-river-usa-i-filler

Løkke, E. (2017, 13. juli). Det amerikanske demokratiet i krise: Fra Tocqueville til Trump. AmerikanskPolitikk.no. Henta 5. januar 2022 frå https://www.amerikanskpolitikk.no/2017/07/13/amerikanske-demokratiet-krise-alexis-tocqueville-donald-trump/

Moen, O. O. (2021, 14. juli). Medier i USA. Store norske leksikon. Henta 5. januar 2022 frå https://snl.no/medier_i_USA

The Online Library of Liberty (u.å.). Jefferson’s preference for "newspapers without government" over "government without newspapers" (1787). OLL. https://oll.libertyfund.org/quote/jefferson-s-preference-for-newspapers-without-government-over-government-without-newspapers-1787

Reuters Institute, University of Oxford. Digital News Report. https://www.digitalnewsreport.org/

Åmås, K. O. (2021, 18. januar). Norge har de mediene USA hadde trengt nå. Aftenposten. Henta 5. januar 2022 frå https://www.aftenposten.no/meninger/i/869wyA/norge-har-de-mediene-usa-hadde-trengt-naa

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Internasjonal mediepolitikk