Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Musikk og opphavsrettar

Korleis går du fram for å bruke ein kjend låt lovleg i eigen produksjon? Her er nokre spørsmål du kan tenke over og diskutere med klassen.
Jimi Hendrix speler gitar mens han lener seg litt tilbake og lukkar auga. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Kva er lov, og kva kan eg ikkje gjere, når det gjeld bruk av musikk? Diskuter i klassen.

Tips: Undersøk gjerne lov om opphavsrett til åndsverk av 15. juni 2018 før du sjekkar fasiten. Du kan òg lese meir om riktig bruk av musikk på nettsida til TONO.

Spørsmål om musikk og rettar

Eg har lyst til å lage ein coverversjon av ein kjend song som eg vil legge ut på Facebook. Eg speler og syng alt sjølv. Er det lov?

Fasit

I utgangspunktet nei. Du må få løyve frå den opphavlege opphavspersonen til å skape din eigen versjon av ein annan sitt verk. Det er TONO/NCB som gir løyve til offentleg framføring og innspeling av beskytta musikk på vegner av opphavspersonen.

Nokon har stole/plagiert musikken min. Kva gjer eg?

Fasit

Du må kunne bevise at det er ditt før du eventuelt kan krevje økonomisk kompensasjon. Åndsverklova vernar dei ideelle og økonomiske rettane til opphavspersonen til åndsverket. Dersom du er redd for at musikken din skal bli plagiert, bør du sørge for å kunne dokumentere at du har laga musikken først. Ein måte å gjere dette på er å sende notar/opptak rekommandert til deg sjølv. Datostempelet til postverket er ei stadfesting av dato, så lenge forseglinga ikkje er broten. TONO arkiverer ikkje notar/opptak.

Vi lagar film på skulen. Han skal leggast ut på YouTube, og vi har lyst til å bruke Karpe sin siste låt. Korleis går ein fram for å bruke kjend musikk i eigne produksjonar?

Fasit

Dersom du ønsker å bruke musikk i produksjonen din, må du både klarere masterrettane (som er rettane til den konkrete innspelinga) og opphavsrettane til musikkverket. Masterrettane blir vanlegvis klarerte av plateselskapet, eventuelt artistane sjølve dersom dei eig masterinnspelinga. Opphavsrettane til sjølve musikkverket kan TONO/NCB klarere på vegner av dei som har skrive musikken.

Eg har ein blogg og vil gjerne legge ut musikk der. Må eg ha løyve frå TONO?

Fasit

Ja, du må ta kontakt med TONO og inngå ein avtale. Du treng ein avtale med TONO for å få tilgang til musikk, online òg. Opphavspersonen har etter åndsverklova einerett til å gjere tilgjengeleg og eksemplarframstille verket sitt. TONO gir løyve på opphavspersonens vegner og representerer i praksis heile verdsrepertoaret. Det einaste unntaket er om opphavspersonen har vore død i meir enn sytti år. Då kan du fritt bruke musikken på bloggen din.

Korleis kan eg finne musikk som ikkje må rettsklarerast?

Fasit

Det finst musikk som er lisensiert med det som blir kalla Creative Commons-lisensar. Denne musikken kan du bruke fritt viss du krediterer han på rett måte. Du kan finne musikken ved å gjere eit søk på samlesida til Creative Commons. Du kan òg bruke kjende ressurssider som Jamendo, Soundcloud og CC Mixter. Pass på at du sjekkar CC-lisensen nøye! Dersom du til dømes vil bruke musikk i ein reklamefilm, må du sjekke at musikken er lisensiert for kommersiell bruk. Elles finst det mange nettstader som tilbyr "gratis" musikk, men ta gjerne kontakt med eigaren av låten for å vere trygg på at du faktisk kan bruke han.


CC BY-SASkrive av Tom Knudsen og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Regelverk og etisk refleksjon