Hopp til innhald

Fagstoff

Varmevekslarar

Varmevekslarar er ein type prosessutstyr som blir brukt for å overføre varme frå eitt stoff til eit anna. Dei kan brukast på både gassar og væsker, og det er det mest vanlege utstyret som blir brukt i prosessindustrien til å kjøle ned eller varme opp stoff.
Radiator til bilmotor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mange måtar å lage slike varmevekslarar på, eitt eksempel er radiatoren i ein bil. Der går det varme vatnet inne i røyr, mens kald luft strøymer på utsida av røyra.

Røyr-i-skal-varmevekslar

Ein type varmevekslar som er vanleg i industrien, er ein såkalla røyr-i-skal-varmevekslar. Denne består av ein sylinderforma behaldar (skalet), og inne i denne er det montert mange små røyr. Då kan det som skal varmast opp eller kjølast ned, for eksempel strøyme gjennom skalet, mens det vi bruker til å varme opp eller kjøle ned med, strøymer gjennom røyra.

Illustrasjon av røyrvarmevekslar der kald olje eller gass kjem inn i den eine enden og blir leidd gjennom skalet. Varm væske strøymer motsett veg i mange små røyr og varmar gradvis opp olja eller gassen som slepp ut i andre enden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2018

Læringsressursar

Varmetransport