Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lydbiletet i filmen Ringens brorskap

Dette filmklippet er eit utdrag frå anslaget til filmen Ringens brorskap i filmtriologien Ringenes herre. Lytt nøye til lyden i anslaget, og svar på spørsmåla nedanfor.

Oppgåver

  1. Kva for lydkjelder er brukt i anslaget?
  2. Nemn eitt eller to eksempel på kvar lydkjelde.
  3. Finn eksempel på diegetisk og ikkje-diegetisk lyd.
  4. Forklar omgrepa doksal og paradoksal musikkbruk.
  5. Kva for nemning vil du bruke på musikken i dette filmklippet?
  6. Korleis er musikken i dette filmklippet med på å forme opplevinga vår av universet filmen utspeler seg i?
  7. Korleis er musikken med på å framheve rytmen i filmen?
  8. Nemn eksempel på korleis musikken framhevar dramatiske scener.
  9. Kva ligg i omgrepet "voice-over"?
  10. Kva for effekt har bruk av voice-over i anslaget til filmen Ringens brorskap?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2018

Læringsressursar

Lydteori