Hopp til innhald

Fagstoff

Leiing

Å leie vil seie å forvalte menneskelege og materielle ressursar. Dei menneskelege ressursane er dei tilsette i bedrifta, kvalifikasjonane og eigenskapane deira. Dei materielle ressursane er eigedelane til bedrifta, som bygningar, eigedelar og kapital. Dette må leiast på ein slik måte at bedrifta når måla sine.
Kvinne i forgrunnen på eit gruppemøte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leiaroppgåver

Ein leiar har fått makt til å ta dei avgjerdene som skal til for å nå dei fastsette måla til bedrifta. Måla kan vere resultat i form av pengemessig overskot eller av meir ideell art – som å få hjelpt så og så mange menneske.

Ei bedrift vil ikkje kunne eksistere lenge utan at bedrifta går med overskot. Andre typar organisasjonar kan heller ikkje overleve over tid dersom ikkje målsetjingane til organisasjonen i rimeleg grad blir nådd.

Ei bedrift kan ikkje eksistere utan at mål blir sette og resultat blir kontrollerte opp mot dei måla ein har sett seg. Ein leiar kan delegere oppgåver, men ein leiar kan ikkje delegere det ansvaret som han eller ho har. Vedkomande har eit absolutt ansvar for bedrifta eller organisasjonen overfor styret, eigarane eller andre som har ei slik rolle.

Leiareigenskapar

Å leie kan også definerast som å nå målet til organisasjonen gjennom andre. Som leiar skal du påverke og motivere. Har du evna til å vise , har du ei viss utstråling og er du resultatmedviten, har dette noko å seie for om du lykkast eller ikkje som leiar.

Menneskesynet ditt, det gode humøret og temperamentet ditt – eller mangelen på dette – vil også påverke evna di til å motivere. Er du real, skvær og ærleg? Er du oppriktig, konsekvent og rettferdig? Er du fast, bestemt og handlekraftig, men likevel fleksibel og rimeleg? Er du med andre ord eit «likandes», men konsekvent menneske? Då er du langt på veg til å lykkast som leiar.

Den samla leiarkompetansen består av kompetanse innanfor fleire felt: administrativ, fagleg og sosial kompetanse.

I ei lita bedrift kan den administrative kompetansen til leiaren vere låg, men kunnskapane om dei faglege felta i bedrifta bør vere høg. I ei stor bedrift der ein har leiaransvar for mange medarbeidarar, bør den administrative kompetansen vere høg. Det er i dette tilfellet ikkje nødvendig med så store kunnskapar om fagfeltet i bedrifta.

Den sosiale kompetansen bør vere høg uansett kor stor bedrifta er. Alderen din, erfaringa, utdanninga, menneskekunnskapen og den sosiale kompetansen din har mykje å seie for resultatet – ikkje minst om du skulle vere leiar i ei stor bedrift.

Rolla til leiaren har stadig endra seg og har i store trekk gått frå å vere kontrollør til i større grad å bli ein koordinator – ein som legg forholda til rette slik at medarbeidarar kan trivast, få brukt evnene sine og lykkast i arbeidet sitt.

Oppgåve

Forklar denne illustrasjonen:

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.05.2018

Læringsressursar

Leiing, samarbeid og organisasjon