Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sløkkemiddel i hotell

Eit hotell inneheld mange ulike verksemder og lokale. Derfor kan det oppstå ulike typar brannar som krev ulike sløkkemiddel.
Mann i kokkeklede på eit travelt restaurantkjøkken er i ferd med å dandere ein tallerken med mat. Ein annan kokk arbeider i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike branntypar i hotell

Eit hotell har mange ulike typar verksemder: kontor, konferansesalar, grupperom, vaskeri, treningssenter, restaurantar, kjøkken, område for IT-verksemd, gjesterom, resepsjon, korridorar m.m. Derfor er det mange ulike typar brannar som kan oppstå på eit hotell. Vi må vite kva typar sløkkemiddel som kan brukast for å få bukt med dei ulike branntypane.

Oppgåver

1. Kva slags handsløkkemiddel tilrår du å plassere som næraste sløkkemiddel på følgande stader i hotellet – og kvifor? Det er mogleg med fleire alternativ.

Plassering av sløkkeutstyr

Kvar

Type

Kvifor

Kjøkken

Dataserver-rom

Resepsjon

Utanfor gjesterom

Administrasjon

Konferansefløy

2. Vurder fordelar og ulemper med skumapparat sett opp mot pulverapparat.

3. Kva slags brannar skal vi ikkje prøve å sløkke med vatn?

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 12.05.2018

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar