Hopp til innhald

Fagstoff

Automatiske brannsløkkjeanlegg

Automatiske brannsløkkjeanlegg kan punktbeskytte eller totalbeskytte rom. Dei kan fungere uavhengig av menneskeleg innverknad, eller dei kan utløysast av menneske lokalt eller med fjernstyring. Her får du ei oversikt over dei vanlegaste brannsløkkjeanlegga.
Sprinklaranlegg. To sprinklarar som sprutar vatn på flammer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor automatiske brannsløkkjeanlegg?

Handsløkkjarar har avgrensingar som sløkkjemiddel. Eitt minutt er maks tid for fleire av apparata. Vidare er vi avhengige av at det er vakne menneske i umiddelbar nærleik som kan å bruke apparata. Situasjonen må òg vere slik at menneske kan gå inn med sløkkjeinnsats utan fare for eige eller andre sitt liv og helse.

Hurtig og korrekt respons ved branntilløp er avgjerande for utfallet. Når vi vurderer risikoen, må vi derfor òg sjå på moglegheiter og krav til automatiske sløkkjeanlegg.

Du kan lese meir om automatiske sløkkjeanlegg på nettsida til brannvernforeininga: brannvernforeningen.no

Sprinklaranlegg

Sprinklaranlegg er eit vanleg automatisk sløkkjeanlegg på hotellrom og i fellesareal på hotell. Det er automatiske sløkkjeanlegg som nyttar vatn som sløkkjemiddel. Eit sprinklarsystem er sett saman av fire hovuddelar:

  • vasstilførsel
  • sprinklarventil
  • røyrsystem
  • sprinklarhode

Anlegget verkar på den måten at vatnet pressar på gjennom sprinklarventiler med justert trykk som er optimalt for anlegget, og vidare ut i røyrsystemet og fram til sprinklarhovudet.

Vatnet strøymer ikkje ut av sprinklarhovudet i paraplyform før glasampullen i hovudet sprekk. Det skjer når ampullen blir utsett for meir varme frå varme gassar eller varmestråling enn han er berekna til å tole. Vanlegast på hotellrom er raude ampullar som skal sprekke ved 68 °C.

Sprinklaranlegg er i prinsippet delt i to hovudgrupper – tørranlegg og våtanlegg.

Tørranlegg

Anlegget blir fylt med luft, vatn blir etterfylt og pressar på. Når sprinklarhovudet blir utløyst, blir luft pressa ut først, og deretter kjem vatnet.

Våtanlegg

Vatnet ligg i trykk heilt fram til sprinklerhodet. Når sprinklerhodet blir utløyst, kjem vatnet umiddelbart. På nokre våtanlegg er vatnet tilført kjølevæske for å ikkje fryse.

Vasståkeanlegg – watermist

Vasståkeanlegg er bygd opp på same måte som sprinklaranlegg. Forskjellen er i prinsippet at vi med vasståkeanlegg deler vatnet opp i langt mindre dropar. På den måten får ein raskt gjort om vatnet til damp, og ein kveler brannen raskare samtidig som tåka kjøler ned brannen.

Vasskadeomfanget blir langt mindre med vasståkeanlegg. Vasståke er derfor det føretrekte automatiske sløkkjeanlegget i stadig fleire bygningar, til dømes i bustader for bevegelseshemma menneske.

Kolsyreanlegg (karbondioksidanlegg)

Kolsyreanlegg byggjer på same innhald som i CO2-handsløkkjarane. Dette er store anlegg som oftast blir nytta mot brannar i elektriske anlegg, maskinrom og brannfarlege varer.

Kolsyreanlegget fungerer ved at det kveler brannen. Men fordi CO2 må vere i ein konsentrasjon på 30 prosent av volumet i rommet, og nokre gonger meir, er det ein reell fare for at menneske og dyr kan bli kvelte.

Les meir om kolsyreanlegg

På grunn av faren for kvelning er det påbode med varselskilt og varsel om utløysing. Varselet må komme i god tid før anlegget startar, uavhengig av om det startar automatisk eller blir utløyst manuelt. Varselet bør komme eitt minutt før anlegget blir utløyst. Deretter tek det noko tid å fylle romma med kolsyre (karbondioksid), og ein kan ha ytterlegare to–tre minutt på å evakuere området før det blir farleg. Karbondioksid, CO2, er ikkje ein inert gass, fordi han blir karakterisert som giftig og verkar lammande på andinga. Det blir levert stadig færre slike anlegg i Noreg.

Inertgasser

Inertgasser verkar ved at dei fortrengjer oksygen. Som med CO2 er det behov for stort volum for at gassane skal vere effektive. Inertgasser blir ofte brukt der innhaldet i eit rom skal vernast, og vi ikkje vil risikere at sløkkjemiddelet medfører personskade eller skader på inventar og utstyr. Inertgasser blir ofte nytta i IKT-rom, museum, kontrollrom og arkiv. Sløkkjesystem som blir oftast nytta i dag, er Argonite og Inergen, og dei er miljønøytrale.

Automatisk frityrsløkkjar

Alle verksemder som har frityr, pliktar å ha eigna sløkkjeutstyr for frityrbrann. Alle forsikringsselskap krev automatisk sløkkjeanlegg i tillegg til handsløkkjar (F-klasse) ved frityr over åtte liter. Storbrannen i Trondheim då eit heilt kvartal vart utsletta, medførte 250 millionar kroner i utbetaling, og førte til at forsikringsselskapa kom med krav om automatisk frityrsløkkjeanlegg.

Sløkkjemiddelet fungerer i prinsippet som eit sprinklaranlegg med ein glasampulle som sprekk ved ein gitt temperatur, slik at kjemikala blir spreidde utover frityrgryta. Det kan vere fleire sprinklarhovud. Fleire typar anlegg har i tillegg til automatisk utløysarmekanisme ein manuell utløysarmekanisme. Sløkkjemiddel som er mest vanleg i bruk, er Ansul eller F-skum.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 12.05.2018

Læringsressursar

Brannteori og brannøving