Brannårsaker
Kva er det som gjer at det tek til å brenne? Naken eld i form av vedfyring, kokeplater som ikkje blir slått av, telys – dette er kjende årsaker. Men kva seier statistikkane? Det er dei som i detalj kan fortelje kor ofte kva typar brannårsaker oppstår. Statistikkane er gode hjelpemiddel når ein skal utarbeide risikovurderingar og vi skal arbeide førebyggjande.
Risikovurdering
Risikovurderingar er grunnlaget for alt tryggingsarbeid. Har vi oversikt over risikoen, kan vi utarbeide forslag til tiltak. Det har lita hensikt å lage tiltak for noko som ikkje inneber ein risiko!
Ei enkel risikovurdering kan gjerast i fire trinn:
- Finn farekjeldene.
- Kva kan skje, og kor sannsynleg er det?
- Kva kan vi gjere for å hindre det?
- Tiltak og vidare arbeid
Les kva Arbeidstilsynet seier om risikovurdering her.
Tre spørsmål er kjernen i risikovurderinga:
- Kva kan gå gale?
- Kva kan vi gjere for å hindre dette?
- Kva kan vi gjere for å redusere skadane dersom det skjer?
Det finst også ein eigen Norsk Standard, NS 3901, som er laga berre til bruk ved risikovurderingar for brann.
Tiltak og tryggingsarbeid
Når vi har vurdert risikoen, er det klart for å arbeide med tiltak som førebyggjer brann, og som reduserer konsekvensane om det likevel skulle oppstå brann. Slike tiltak er
- instruksar
- organisering av brannvernarbeid
- sløkkemiddel
- tekniske og fysiske tiltak
Tryggingsarbeid har sjeldan ein fasit. Det er vanskeleg å seie at det berre finst éi god tryggingsløysing. Ofte kan fleire alternative tiltak gi god nok tryggleik. Derfor er det viktig å bruke mykje tid på å avdekkje krav til sikring, brannårsaker i den typen eigedom som vi skal verne, og tilstande på eigedommen før vi byrjar med tiltaka.