Hopp til innhald

Fagstoff

Konsekvensar av brann

Kvart år døyr fleire menneske i brannar i Noreg. Brann skaper store materielle skadar og påfører samfunnet store tap. For å hindre dette må vi både førebyggje brann og ha god brannberedskap.
Storbrann
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er brann?

«Varme og røyk som ikkje er under kontroll», det er slik brannvesenet definerer ordet brann.

Brann er ei svært øydeleggjande naturkraft som påfører samfunnet store tap kvart år. Under brannvernarbeidet må ein vere medviten om å arbeide for å hindre at det oppstår brann. Vi må førebyggje i minst like stor grad som å arbeide med beredskapsplanar for kva vi skal gjere når det har teke til å brenne. Bedrifter og privatpersonar fokuserer i altfor liten grad på det brannførebyggjande arbeidet. Det er jo eit gode for alle at ein brann ikkje oppstår.

Utbedring av elektrisk anlegg
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Kor mykje er det verdt for deg at det ikkje byrjar å brenne heime? Det er truleg langt meir verdt enn til dømes kostnaden av å få ein elektrikar til å utbetre det elektriske anlegget heime for å førebyggje brann.

Ulykker og skadar ved brann

Kvart år døyr i gjennomsnitt mellom 60 og 70 personar i brannar i Noreg. Mange menneske får alvorlege fysiske og psykiske skadar.

Den mest kjende hotellbrannen i Noreg skjedde på Hotel Caledonien i Kristiansand. 14 menneske omkom i brannen.

Verdiar for milliardar av norske kroner går tapt, arbeidsplassar forsvinn, og så mange som mellom 60 og 70 prosent av bedriftene som blir totalskadde av brann, må leggjast ned. Uerstattelege kulturskattar blir borte for komande generasjonar. Miljøskadar og tapt omdømme er også ein del av dei negative resultata av brannar.

Brannvernarbeid og førebygging

På grunn av dei alvorlege konsekvensane brannar får, er svært mykje brannvernarbeid styrt av lover og forskrifter. Sentrale element i brannvernarbeidet for å førebyggje og redusere skadeomfanget er:

  • lovkrav
  • risikovurdering
  • brannårsaker
  • sløkkemiddel
  • automatiske sløkkeanlegg
  • sløkkemetodar
  • branninstruksar

Lenkje til Norsk brannvernforening

Lykke til med eit spennande brannvernarbeid!

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 12.05.2018

Læringsressursar

Brannvern