Finne ein stad å sove – i Noreg
«Når aldri du unner deg rast eller ro, kan ingenting vokse og intet gro.» Slik skreiv poeten Arne Paasche Aasen.
Ein god stad å sove er ikkje berre ei seng, men ein stad med god atmosfære og hyggjelege omgivnader. På reise innanlands finn vi varierte tilbod på Visit Norway: hotell, hytte, fyr, rorbu, camping, private rom eller ein gard. Det blir reklamert med «lågaste prisar – breiaste utval».
Svært mange finn informasjon om og bestiller overnatting og meir sjølve. Men mange føretrekkjer å bestille pakkereise hos ein turoperatør eller eit reisebyrå.
Tenk over
Oppgåvene gir deg øving i å finne fram til overnattingsstader og serveringsstader. Når du har gjort oppgåvene, kan du tenkje deg at du er reiselivsmedarbeidar og skal leggje fram forslag for liknande opplegg for ein kunde. Kva må du då tenkje på og finne ut av?
Finne ein stad å sove – i utlandet
Utanlands kan vi til dømes bruke TripAdvisor, som tilrår hotell, feriestader, vertshus, feriar, reisepakkar, feriepakkar, reiseguidar og mykje meir. Somme liker helst å bestille hos ein reiseoperatør eller direkte hos ei hotellkjede. Mange kjeder har gode tilbod til faste gjester, turoperatørar og turarrangørar.
Noko godt å ete
Alle liker ikkje same maten. Eit gammalt ordtak seier at «smaken er som baken, han er delt». Somme vil ha husmannskost, andre føretrekkjer det franske kjøkkenet og leitar etter restaurantar med stjerner i Michelin-guiden.
Somme skal ha «mors kjøtkaker» same kvar dei er i verda. Andre ser etter lokale spesialitetar og kortreist mat. Ved å søkje på TripAdvisor eller tilsvarande nettstader kan vi skaffe oss oversikt over aktuelle serveringsstader.
I Sverige og Noreg blir mellom anna 2Book brukt for å reservere plass på restaurantar. Her kan vi bestille 24 timar i døgnet. Den som heller vil ha maten levert på døra, kan til dømes bestille via Just Eat.
Tenk etter
Som resepsjonist kan du bli beden om å tilrå ein restaurant eller reservere bord til nokon av hotellgjestene. Kva må du spørje gjestene om? Og kva vil dei helst ha: lokale spesialitetar, husmannskost, fransk kjøkken, vegetarmat? Kva med prisklasse?
Pakkereiser
I staden for å reservere transport, overnatting og serveringsstad kvar for oss, kan vi bestille alt samla hos ein reiseoperatør.
Ei pakkereise er eit tilrettelagt arrangement som varer i meir enn 24 timar eller omfattar overnatting, som blir selt eller marknadsført til ein samla pris, og som inneheld minst to av følgjande element:
- transport
- innkvartering som ikkje berre er eit ledd i ei transportteneste
- andre turisttenester som utgjer ein vesentleg del av arrangementet, men som ikkje er direkte knytt til transport eller innkvartering
Kjelde: pakkereiselova
Dei mest populære pakkereisene går til Syden og til storbyar. Dei tre store reiseoperatørane er Apollo, StarTour og Ving. På nettstadene deira presenterer dei ulike reisemål, hotell og ulike typar service. Enkelt og greitt kan vi finne fram til noko som passar.