Hopp til innhald

Fagstoff

Reservasjon på fly og båt

Flyselskapa var tidleg ute med internettbaserte reservasjonssystem. Ein lågpriskalender gjer det enkelt å samanlikne prisar og finne dei billigaste billettane. Vi kan reservere plass på rutebåtar og cruiseskip – innanlands og utanlands. Både flyselskap og reiarlag sel også hotellrom, leigebil og andre reiselivsprodukt.
DFDS cruiseskip
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transporttilbod

Transport frå ein stad til ein annan er kjernen i ei reise. Valet av transportmiddel er avhengig av blant anna kvar og når vi skal reise. Generelt kan vi velje mellom fly, båt, buss, bane og bil.

Somme føretrekkjer å reise med eitt bestemt selskap og bestiller direkte på nettstaden til selskapet.

Internett gir deg tilgang til globale reservasjonssystem som sel over heile verda. Betalinga skjer med bankkort eller kredittkort.

Det er vanleg å gi pakketilbod ved samla kjøp av transport og hotellrom, eventuelt også leigebil. Pakkeprisen er som regel lågare enn om ein kjøper dei same tenestene enkeltvis.

Vi oppsummerer kva som kan bestillast via eit reservasjonssystem for fly og båt:

  • billett
  • eit bestemt sete, eventuelt sitjeplass med ekstra beinplass på fly
  • servering om bord
  • hotellrom
  • leigebil
Flyplassen ved Las Palmas på Gran Canaria
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fly

Låge prisar og auka velstand har ført til ein sterk auke i talet på flyreiser. Flyselskap og turoperatørar tilbyr reiser til storbyar og andre reisemål i Europa og fjerne himmelstrøk.

Vi kan reservere plass på fly direkte på Internett. Somme føretrekkjer å bestille hos eit flyselskap dei er vande til å reise med.

Vi kan spesifisere blant anna om vi berre godtek direktefly. Det er mogleg å reservere sete og servering om bord. Somme flyselskap tilbyr sete med ekstra beinplass mot tillegg i prisen.

Prisar og avgangstider varierer sterkt. Ein lågpriskalender gjer det enkelt å finne dei billige billettane.

Dersom vi ønskjer å samanlikne prisar og avgangar, kan vi bestille via ein portal som representerer fleire flyselskap, til dømes Finn.no – Reise

Døme på stader der du kan bestille flybillettar:

Båt er behageleg

Vi kan reservere plass på rutebåtar og cruiseskip – innanlands og utanlands.

Innanlands er Hurtigruta populær. Ho går i rutetrafikk langs kysten frå Bergen til Kirkenes og tilbyr også fleire ulike fjordcruise og turar til Antarktis, Grønland og Svalbard.

Frå Noreg til utlandet går det mange rutebåtar, blant anna frå Oslo, Larvik, Kristiansand, Stavanger og Bergen.

DFDS Seaways lokkar med båtreise og cruise, blant anna for familien, barnebursdag og med fagleg påfyll. I tillegg til billett kan du bestille middag, frukost og smaking på ulike sortar drikke.

I seinare år har det blitt populært å reise på cruise til Middelhavet, Karibia og fjernare strøk. Royal Caribbean er eit norsk-amerikansk selskap med base i Miami, Florida. Vi kan reservere billett og lugar direkte frå båtselskap eller via reiseoperatørar. Utflukter og ulike spesialtilbod kan bestillast på førehand.

Lenkjer:

Relatert innhald

Individuelle oppgåver og gruppeoppgåver der de skal øve dykk på å bruke ulike resvarsjonsjonssystem.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Reservasjonssystem