Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjonssøking

Vi skal ta for oss trinn 2 – informasjonssøking – i kjøpsprosessen på forbrukarmarknaden og kome med nokre konkrete tips til korleis ein seljar kan tilpasse sal og marknadsføring til kjøpsåtferda til forbrukarane.
Person som bruker mobil og pc
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein forbrukar som er blitt interessert i eit produkt, vil gjerne søkje informasjon om produktet gjennom ulike informasjonskanalar.

Ein forbrukar søkjer informasjon om produktet gjennom venner, familie, kjende, reklame, seljarar, emballasje, aviser, Internett og så vidare. Kor mykje informasjon som blir henta inn, og kva kjelder som er viktigast, vil variere.

Tenk over:

Når du skal kjøpe ein ny mobiltelefon, kva informasjonskjelder bruker du? Venner, familie, seljarar i butikken, Internett eller andre kjelder?

Informasjonskjelder

Ein marknadsførar må vite kva informasjonskjelder forbrukaren nyttar, og kva som er viktigast. Legg merke til reklame for elektroniske produkt og korleis annonsørane bruker teknisk informasjon for å overbevise deg om kvaliteten på produktet, og for å gi deg grunnlag for å samanlikne produkt av ulik kvalitet og prisklasse. Sjekk til dømes på www.elkjop.no. Mange annonsetekstar inneheld produktinformasjon som medvite er retta mot forbrukarar i informasjonssøkjefasen.

Frå produktfordelar til brukarfordelar

Som seljar må du ha god produktkunnskap og gi kunden den informasjonen han eller ho treng for å kunne velje det produktet som best tilfredsstiller behovet. I tillegg må du ha evna til å omsetje tekniske spesifikasjonar til brukarfordelar. Ein mobiltelefon av eit kjent merke ligg på nettet med følgjande produktinformasjon:

6,2" Infinity Display for en større skjermopplevelse. Lysfølsomt Dual-kamera med skarpe bilder i svakt lys og optisk zoom. Film i super slow motion med 960 bilder pr. sekund. Fantastisk lyd med Dolby Atmos-stereohøyttalere, kalibrert av AKG. Vannbestandig og støvtett etter IP68.

Kva er det som eigentlig er så bra med Dual - kamera? Kva inneber 6,2" Infinity Display? Du som seljar må kunne «omsetje» desse produktfordelane til brukarfordelar for kunden. Du må kunne snakke same språket som kunden.

Sjå filmen her om korleis Anne finn draumesykkelen sin.

CC BY-SASkrive av Hanne-Lisbet Løite og Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.03.2018

Læringsressursar

Kjøpar- og seljarrolla