Hopp til innhald

Fagstoff

Kostnader

Når du som IKT-medarbeidar skal gi råd om kontorstøttesystem, må du også seie noko om kostnadene som innføring av eit nytt system fører med seg.
Mannlige og kvinnelige ansatte arbeider på tablet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verksemda må betale for programvarelisensar for kontorstøttesystem og andre standard programpakkar.

Verksemda ønskjer ikkje å betale for fleire lisensar enn ho treng. Samtidig må vi vere sikre på at vi ikkje bruker program utan å betale for dei – det er i praksis det same som å bruke piratkopiert programvare.

Programvarelisensar kan vere knytte til

  • talet på brukarar
  • talet på samtidige brukarar
  • talet på maskiner som programmet er installert på

For ein lisens som er knytt til talet på brukarar, betaler vi for kvar person som bruker programmet, men kvar person kan godt ha programmet installert på fleire maskiner.

For ein lisens som er knytt til talet på samtidige brukarar, betaler vi berre for så mange som skal kunne bruke programmet samtidig. Slike lisensar blir mellom anna brukte for mange serverbaserte eller internettbaserte applikasjonar. Dersom vi til dømes har lisens for 20 samtidige brukarar av eit program, og alle lisensane er i bruk, får ein ny brukar ikkje tilgang til programmet før ein annan loggar seg ut.

For ein lisens som er knytt til talet på maskiner som programmet er installert på, betaler vi for talet på installasjonar uavhengig av kor mange som bruker programmet. Du kan også kome over program som bruker ein kombinasjon av ulike lisenstypar.

Det er også viktig å sjekke om programlisensen er ein eingongskostnad, eller om han gjeld for eit avgrensa tidsrom slik at han må fornyast regelmessig.

Vurdering v andre kostnader som eit nytt system fører med seg, er behandla i kompetansemålet «Dokumentere IKT-bruk og vurdere kostnads- og nytteverdien av eit IKT-system».

Relatert innhald

IKT-servicemedarbeidarar bestemmer sjeldan avgjersler om IKT-strategi eller større investeringar, men ofte blir dei involverte i slikt arbeid.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 25.11.2018

Læringsressursar

Kva er kontorstøttesystem?