Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mediekommunikasjon som prosess og som meiningsfellesskap

I mediefaget har vi to sentrale inngangar til å forstå kommunikasjon. Den eine er å forstå kommunikasjon som ein prosess, den andre er å forstå kommunikasjon som ein meiningsfellesskap. Prosessmodellen beskriv den første, læra om teikn beskriv den andre.
Ei rekkje fingertuppar stikk opp. Det er teikna ansikt på dei, og over dei er det teikna snakke- og tankebobler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennom å samanlikne ulike tilnærmingar til mediekommunikasjon vil du forstå betre kva som er forskjellen på kva vi meiner med kommunikasjon som prosess, og med kommunikasjon som meiningsfellesskap.

Du vil òg oppdage kor nyttig det er å bruke dei to tilnærmingane til kommunikasjon når du skal lage eigne medieuttrykk eller vurdere andre sine.

Oppgåve 1) Mediekommunikasjon som prosess

Kva er ein prosess? Kva vil det seie å forstå kommunikasjon som ein prosess? Dei tre vanlegaste prosessmodellane er 1) den enkle prosessmodellen, S-B-M, 2) Lasswells kommunikasjonsmodell, «Kven seier kva til kven i kva kanal med kva verknad?», og 3) prosessmodellen.

  1. Vel to av modellane, bruk litt tid på å tenkje over kva som er forskjellen på dei, og beskriv med eigne ord og teikningar: Kva fortel modellane oss om kommunikasjon som prosess?
  2. Diskuter med ein medelev: Korleis er prosessmodellane nyttige for dykk når de vurderer kommunikasjonsprosessen til andre sine medieuttrykk, eller når de skal lage dykkar eigne.

    Stikkord de kan bruke i diskusjonen:

  • journalistikk, reklame, informasjon og underhaldning
  • målgruppe, mottakar
  • føremål
  • kanal, plattform
  • støy
  • tilbakemeldingar

Oppgåve 2) Mediekommunikasjon som meiningsfellesskap

Kva meiner vi med at kommunikasjon er ein meiningsfellesskap? Korleis heng kommunikasjon saman med kultur?

Når vi snakkar om kommunikasjon som meiningsfellesskap, er sosialisering, konvensjonar, konnotasjon, denotasjon, teikn, ikon, indeks og symbol sentrale omgrep.

  • Forstår de kva omgrepa betyr? Finn ut av dei omgrepa de ikkje er heilt sikre på at de forstår, og prøv å forstå endå betre dei omgrepa de allereie kan.
  • Bruk omgrepa aktivt for å forklare kvarandre kva som kjenneteiknar kommunikasjon som meiningsfellesskap.
  • Diskuter: Korleis kan de bruke kunnskapar om tolking av teikn og teiknlære når de vurderer kommunikasjonen i andre sine medieuttrykk, og når de skal lage dykkar eigne?
To personar sit ved eit bord med kvar sin berbar PC og snakkar saman. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3) Samarbeid og om å samanlikne

Jobb gjerne to og to. Vel dykk kvart dykkar medieuttrykk.

Vurder kommunikasjonen som prosess og som meiningsberande for dei to medieuttrykka. Bruk stikkord og omgrep frå dei tidlegare oppgåvene.

  • Kva kjenneteiknar kommunikasjonen som prosess for dei to medieuttrykka? Diskuter saman, og skriv ned nokre punkt de er einige om.
  • Kva kjenneteiknar kommunikasjonen som meiningsfellesskap for dei to medieuttrykka? Diskuter saman, og skriv ned nokre punkt de er einige om.

Oppgåve 4)

Lokalavisa har bede dykk om å skrive ei sak som er relevant for ungdom. Bruk prosessmodellen og teiknlære som inngang til arbeidet, før de planlegg saka som journalist.

De skal setje opp nettsider for ei bedrift som tilbyr strøymetenester. Bruk prosessmodellen og teiknlære som inngang til arbeidet, før de planlegg innhald og design.

Oppsummering av arbeidet

Samanfatt arbeidet dykkar, og presenter det munnleg eller skriftleg etter avtale med læraren:

  • Kva er forskjellen på kommunikasjon som prosess og kommunikasjon som meiningsfellesskap?
  • Korleis er prosessmodellen og teiknlære nyttig når du skal lage eigne medieuttrykk? Når du skal analysere og diskutere andre sine?

Relatert innhald

Vi tolkar teikn på bakgrunn av dei konvensjonane og kodane som gjeld i eit bestemt sosialt miljø.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar