Hopp til innhald

Fagstoff

Kvalitetsvern ved pakkereiser

I Noreg vert kjøp av pakkereiser regulert av pakkereiselova. Lova gir reisande rettsvern dersom turoperatøren eller underleverandører ikkje leverer det som er lova. Alle som sel pakkereiser i Noreg, skal vere medlem av Reisegarantifondet, som gir kjøparar av pakkereiser ein viss kvalitetsgaranti.
Utsnitt av ansiktet til ein mann med hodemikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pakkereisedirektivet og pakkereiselova

EU-direktivet om pakkereiser har forbrukarreglar om pakkereiser (pakkeferiar og pakketurar). Med ei pakkereise meiner vi ei reise/arrangement som varar i meir enn 24 timer og omfattar minst ei overnatting, og som inneheld minst to av følgjande reisetenester:

  1. transport
  2. innkvartering som ikkje berre er å anse som ledd i ei transportteneste
  3. andre turisttenester som utgjer ein vesentleg del av arrangementet, men som ikkje er direkte knytt til transport eller innkvartering

Pakkereiselova gjeld når reisetenestene blir sett saman av éin næringsdrivande, og i nokre tilfelle også når reisetenestene blir inngått som separate avtalar med ulike aktørar, jf. § 6 Pakkereiselova.

I Noreg blir kjøp av pakkereiser regulert av Lov om pakkereiser og reisegaranti, pakkereiselova, som er basert på EU sitt pakkereisedirektiv.

Lova gir dei som kjøper pakkereiser, rettsvern dersom turoperatøren eller underleverandørar ikkje leverer det som er lova.

Lov om pakkereiser og reisegaranti hos lovdata.no.

Reisegarantifondet

Alle som sel pakkereiser i Noreg skal vere medlem av Reisegarantifondet. Fondet gir den reisande vern viss reiseselskapet går konkurs. Viss turoperatøren går konkurs før reisa startar, har kunden rett til å få reisekostnadane refundert. Viss turoperatøren går konkurs mens reisa går føre seg, har kunden rett til å få dekka heimreisa.

Meir om Reisegarantifondet på reisegarantifondet.no.

Med reisegaranti meiner vi erklæring frå bank eller forsikringsselskap stilt overfor Reisegarantifondet. Garantisten skal forplikte seg til etter påkrav å utbetale eit beløp til fondet. Det skal også innbetalast eit årsgebyr.

Visse reiser med fly og hotell fell også innanfor ordninga.

Les meir om reisegaranti hos lovdata.no.

Marknadsføring

Marknadsføringslova gjeld for reiselivstilbod. I tillegg inneheld pakkereiselova opplysningsplikt, blant anna at reisa skal vere slik det er oppgitt i marknadsføring og brosjyrar, og slik det er avtalt.

Katalogar og brosjyrar skal ha ein tydeleg og forståeleg informasjon om pris. Dessutan skal dei innehalde nødvendig informasjon om reisemål, transport, innkvartering, måltid, reiseplan, innreisereglar, betalingsvilkår og vilkår om minste tal på kundar.

Opplysningar som er gitt i katalogar eller brosjyrar eller anna informasjonsmateriell som arrangøren har utarbeidd eller viser til, blir rekna som ein del av avtalen.

Arrangøren skal i informasjonsmateriellet gjere merksam på moglegheita for at opplysningane kan bli endra, før avtale blir inngått.

Meir om opplysningsplikten finn du hos lovdata.no.

Rett til avbestilling

Pakkereiseloven har klare reglar om rett til avbestilling og avbestillingsvern, og om rett til å overdra pakkereisa. Hovudreglane er:

  • Avbestilling: Kunden har rett til å avbestille viss det på reisemålet eller i nærleiken av det dei siste 14 dagane før pakkereisa starter, blir konstatert krigshandlingar, naturkatastrofar eller farlege smittsame sjukdommar og det er rimeleg grunn til å anta at det vil vere slik også når pakkereisa etter avtalen skal starte.
  • Avbestillingsvern: Den reisande har rett til å avbestille pakkereisa vederlagsfritt ved sjukdom, ulykker, dødsfall og liknande, det vil seie at det før reisa er starta, inntreff plutseleg og alvorleg sjukdom, ulykkesskade eller død hos kunden sjølv, i husstanden hans eller nærmaste familie, som hindrar eller gjer det uforsvarleg for kunden å gjennomføre pakkereisa.
  • Rett til å overdra reisa: Kunden har rett til å overdra pakkereisa til ein person som oppfyller vilkåra for å delta i pakkereisa. Kunden må ha underretta arrangøren eller formidlaren om dette i rimeleg tid før pakkereisa skal starte.

Du kan lese meir om reglar for avbestilling i kapittel 4 i pakkereiselova.

Relatert innhald

Oppgåver om kva for rettar du har etter pakkereiselova.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019

Læringsressursar

Sentralt regelverk