Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsmiljø

Ei ny systemløysing kan ikkje setjast i drift utan at brukarane er blitt informerte og har fått nødvendig opplæring.
Person har hendene liggende på tastatur. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljølova § 4-2 seier at arbeidstakarane skal bli jamleg oppdaterte om system som blir brukte i arbeidet. Dei skal få nødvendig opplæring i å bruke systema og vere med på utforminga av dei.

Paragrafen stiller fem krav:

  1. Det skal leggjast til rette for at arbeidstakaren skal kunne utvikle seg fagleg og personleg gjennom arbeidet sitt.
  2. Arbeidet skal organiserast og leggjast til rette med omsyn til den enkelte, både når det gjeld arbeidsevne, kunnskapar, alder og andre føresetnader.
  3. Det skal leggjast vekt på gi arbeidstakaren høve til sjølvråderett, innverknad og fagleg ansvar.
  4. Arbeidstakaren skal få høve til variasjon i arbeidet og til å sjå samanhengen mellom enkeltoppgåver.
  5. Verksemda skal gi nok informasjon og opplæring til at arbeidstakaren klarer å utføre arbeidet sitt når arbeidssituasjonen hans eller hennar blir endra.

I praksis vil dette seie at når ei verksemd innfører eit nytt IKT-system, må dei informere dei tilsette på førehand og gi alle som endringane får konsekvensar for, høve til å uttale seg. Men før lova er aktuell, må systemet ha noko å seie for korleis den enkelte skal gjere jobben sin. Vanlege oppgraderingar av program og liknande er ikkje nok.

Når eit nytt system skal takast i bruk, må dei som skal bruke det, også få nok opplæring til at dei klarer å gjere jobben og forstå kva det er dei gjer.

Verksemda må også ta omsyn til føresetnadene dei enkelte medarbeidarane har. Til dømes må ei verksemd som innfører eit nytt, avansert system som skal brukast av personar med lita eller inga erfaring med IKT frå før, naturleg nok gi mykje opplæring.

Når ei verksemd innfører eit nytt IKT-system, må ho informere dei tilsette på førehand og gi alle som endringane vedkjem, høve til å uttale seg.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Regelverk