Hopp til innhald

Fagstoff

Personvern

Personvern handlar om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar. Før vi tek i bruk eit nytt IKT-system, må vi forsikre oss om at systemet tek vare på personopplysningar på ein forsvarleg måte, slik at dei ikkje kjem på avvegar eller kan misbrukast.
Illustrasjon av et ansikt som er dekket av digital kode. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er fleire lover som gjeld personvern. Dei viktigaste er EUs GDPR (General Data Protection Regulation) og personopplysningslova. GDPR inneheld dei delane av lovverket som er felles for alle land i EU og EØS, medan personopplysningslova handlar om nasjonale tilpassingar til lovverket.

Somme bransjar og yrkesgrupper har også eigne lover og reglar som må følgjast. Døme på slike lover er helseregisterlova og reglar om teieplikt.

Dersom ei ny systemløysing skal brukast til å registrere personinformasjon, må vi forsikre oss om at systemet oppfyller krava i personopplysningslova før det blir sett i drift.

Viktige spørsmål er:

  • Kva personopplysningar blir registrerte i systemet?
  • Kven skal registrere personopplysningar i systemet?
  • Kven får tilgang til personopplysningane?
  • Korleis blir personopplysningar lagra og verna?
  • Korleis skal førespurnader om innsyn følgjast opp?
  • Kva er krava til rutinar for retting og sletting av personopplysningar?

Tidlegare måtte ein anten melde frå om eller søkje om konsesjon (tillating) for arbeid med personopplysningar. No må bedrifta sjølv vurdere det juridiske ved behandlinga av opplysningar dei planlegg å ha. Dette betyr at vi må setje oss godt inn i lovverket. Til hjelp med dette er det laga nokre prinsipp for personvern. Det kan også vere lurt å snakke med datatilsynet eller andre aktørar med spisskompetanse viss du er usikker.

Lenkjer:

Før vi tek i bruk eit nytt IKT-system, må vi forsikre oss om at systemet tek vare på personopplysningar på ein forsvarleg måte, slik at dei ikkje kjem på avvegar eller kan misbrukast.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.06.2019

Læringsressursar

Regelverk