Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Enkel kommunikasjonsøving

Del klassa inn i grupper på to elevar. I kvar gruppe får ein elev rolla som avsendar og den andre eleven rolla som mottakar. Elevane plasserer seg med ryggen mot kvarandre. Avsendaren ser på dataskjermen, mottakaren har berre penn og papir.

Øving 1: Kommunikasjon utan tilbakemelding

Avsendarer opnar biletet nedanfor (bilete 1) og skildrar dette for mottakaren. Mottakaren teiknar det biletet avsendaren skildrar slik han oppfattar det.

Bilete øving 1
abstrakt bilde
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving 2: Kommunikasjon med tilbakemelding

Avsendarer skildrar igjen same bilete (bilete 1), men mottakaren kan no stille spørsmål og få svar på desse frå avsendaren. Mottakaren teiknar eit nytt bilete basert på denne informasjonen.

Bilete øving 2
Abstrakt bilde med svarte, grå og hvite felt i ulike mønstre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving 3:Teikn med kjent tyding

Avsendaren opnar eit nytt bilete (bilete 2) og skildrar dette for mottakaren. Mottakaren teiknar biletet avsendaren skildrar, slik han oppfattar det.

Bilete øving 3
Kvinne med laptop omgitt av robotar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samanlikn teikningene med dei tre bileta.

  1. Kva skjedde med oppfattinga av bilete 1 då mottakaren fekk høve til tovegskommunikasjon?
  2. Samanlikn teikninga av bilete 1 og bilete 2. Kvifor var det lettare for mottakaren å oppfatte skildringa av det siste biletet?
  3. Bytt gjerne roller og gjenta same øvinga med andre bilete som utgangspunkt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging