Hopp til innhald

Fagstoff

Omkrins av plane figurar

Omkrinsen av ein figur er det same som vegen rundt figuren.
Repeterande mønster av firkantar og regulære sekskantar. Illustrasjon.

Omkrinsen av mangekantar finn vi ved å summere lengdene av sidekantane som avgrensar mangekanten. Dersom ikkje alle lengdene er kjende, kan vi til dømes bruke Pytagoras´ setning eller formlikskap for å finne dei ukjende sidene.

Dersom ein plan figur også inneheld ein sirkel eller delar av ein sirkel, så bruker vi formelen for omkrinsen av ein sirkel.

O=π·d

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2018

Læringsressursar

Areal og omkrins