Hopp til innhald

Fagstoff

Skjønnlitteratur

Skjønnlitteraturen gir oss opplevingar og underhaldning, men også innsikt og kunnskap – berre på ein annan måte enn sakprosaen. Les meir om skjønnlitteratur.

Dikt og forbanna løgn?

Dersom saktekstane handlar om røyndommen, kva handlar då skjønnlitteraturen om? Forfattaren Harald Rosenløw Eeg har fortalt i eit intervju at han skriv skjønnlitteratur fordi han ikkje klarer å halde seg til sanninga. Han berre endre på historier og pynte på dei. Vil det seie at han lyg, og at historiene hans derfor er uinteressante?

Slik er det sjølvsagt ikkje. Vi veit nemleg på førehand at vi skal oppfatte skjønnlitterære tekstar som oppdikta. Vi kan leve oss inn i personar og handlingar, samstundes som vi er klare over at dei ikkje finst i det verkelege livet. Skjønnlitteraturen gir oss opplevingar og underhaldning, men òg innsikt og kunnskap - berre på ein annan måte enn saktekstane.

Skjønnlitteratur

  • Uttrykket er lånt frå fransk, der "belles-lettres" er den vakre litteraturen, det vil seie den litteraturen som har til formål å gi lesaren ei estetisk oppleving.
  • Ei anna nemning for skjønnlitteratur er fiksjonstekstar. Denne nemninga fokuserer på at skjønnlitterære tekster er dikting.

Tre hovudgrupper skjønnlitteratur

Frå gammalt av deler vi skjønnlitterære tekstar inn i tre hovudgrupper: episke, lyriske og dramatiske tekstar. Til den episke diktinga reknar vi alle typar forteljingar. Den lyriske diktinga omfattar dikt av alle slag, både med og utan musikk til. Og dramatisk dikting er all dikting som vert spelt på ein scene slik at tilskodarane kan få oppleve handlinga "på direkten".

Gamle omgrep – som framleis er aktuelle!

Omgrepa episk, lyrisk og dramatisk seier noko om korleis tekstane opphavleg vart framførte: Eit epos er ei lang helteforteljing i bunden form som vart formidla munnleg av ein forteljar, diktet vart deklamert til lyremusikk, og dramaet vart spelt utandørs i store amfiteater.

Denne tradisjonelle inndelinga fungerer framleis godt, og mange skjønnlitterære tekstar kan utan problem verte plasserte innanfor ei av dei tre hovudgruppene. Men i dag er forteljingar like mykje skritlege som munnlege. Mykje lyrikk vert framleis sungen til musikk, men i tillegg finst det mange dikt som berre skal lesast. Og dramascenen finn vi i dag både i teatersalen, i radioen, på kino, på tv og på alle moglege andre skjermar – men framleis òg utandørs.

Møt ein forfattar!

Gro Dahle er ein allsidig forfattar som er særleg kjend for dikta og barnebøkene sine. Ho held skrivekurs for både skuleelevar, journalistar og forfattarar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2018

Læringsressursar

Litt om sjanger